Bygg og Konstruksjon

Byggeteknikk

Byggeteknisk rådgjeving er eit sentralt kompetanseområde i Nordplan.

Referanseprosjekter

Vi bestemmer konstruksjonsprinsipp, gjennomfører bygningsfysisk prosjektering og dimensjonerer berande konstruksjonar i stål, aluminium, tre og betong.

Prosjektadministrasjon

Våre tenester omfattar prosjekteringsleiing og byggeleiing. Vi gjennomfører teknisk, økonomisk og framdriftsmessig kontroll og rapportering.

Den tekniske utviklinga har gjort byggeprosessen kompleks og teknisk krevjande. Tida er viktig i ei byggesak: Tid for planlegging og prosjektering, tid for offentleg sakshandsaming og godkjenning, tida det tar å bygge. Tid er pengar. Vi tek ansvaret for at prosjektet vert gjennomført innafor vedteke budsjett og i samsvar med godkjent tidsplan. Vi tilbyr koordinering og administrering av prosjekteringsfase og byggefase.

Brannteknisk rådgjeving

Vi prosjekterer optimale branntekniske løysingar med utgangspunkt i gjeldande forskrifter.

Vi kan hjelpe eigedomsforvaltarar, arkitektar, entreprenørar og industribedrifter med m.a. brannteknisk vurdering av bygningar i samband med byggemelding. Vi kan bistå med brannteknisk dimensjonering av berande konstruksjonar i stål, tre, mur og betong, framlegg til utbetring av eksisterande konstruksjonar og bygningar og utarbeiding av brannteknisk statusrapport for bygg m/ kostnadsoverslag.

Takst

Våre takstfolk har god fagkunnskap og solid fagutdanning.

I tillegg til å inneha den formelle takstfaglege kunnskap, er vår styrke at våre takstfolk har solid fagutdanning og lang erfaring i å prosjektere og administrere bygge- og anleggsarbeid. Vi utfører taksering av bustadeigedom (verditakst), tilstandsrapport for bustadeigedom (omfattar også salsrapport for bustad), taksering av næringseigedom, taksering av skader på fast eigedom og skjønn på fast eigedom.