Arkitektur og landskap

Arkitektur
Ein bygning skal vere ei funksjonell og estetisk ramme rundt dei funksjonane han skal innehalde. Bygningen påverkar også omkringliggande miljø og landskap. Å byggje handlar om å ta på seg ansvar for miljø og medmenneske. Det er profesjonen vår å ivareta slike omsyn - å planlegge funksjonelle, estetiske, miljøtilpassa og økonomiske bygg. Arkitekten skal vere tillitsmann og næraste rådgjevar for byggherren gjennom heile byggeprosessen. Arkitektane våre har erfaring frå planlegging av ulike typer bygg, som bustader, helse- og sosialbygg, kulturbygg, undervisningsbygg og næringsbygg.

 

Referanseprosjekt, klikk her

 

Landskapsarkitektur
Hovudoppgåva til landskapsarkitekten er å forme og forvalte gode, funksjonelle og miljøtilpassa uteområde. I dette ligg å skape uteareal der menneske trivst, åleine eller saman med andre. Konkrete oppgåver er alt frå planlegging av store naturinngrep, som grustak, steinbrot, industrianlegg og veganlegg, til utforming av urbane uterom, som torg og gaterom. Andre oppgåver er utforming av bustad- og friområde, kyrkjegardar, anlegg for leik, idrett og rekreasjon. Ein annan sentral del i landskapsarkitekturfaget er forvalting og utvikling av kulturlandskapet.

 

Referanseprosjekt, klikk her

 

3D-visualisering
Vi utfører 3D-presentasjon av bygningar og landskap v.hj.a. Revit, Novapoint og 3D studioVizR3.

 

Referanseprosjekt, klikk her

Kontaktpersonar

Thorbjørn Sefland  

Thorbjørn Sefland
Sivilarkitekt MNAL
57 88 55 10
ts@nordplan.no

  Thorbjørn Sefland (1955) er utdanna ved ved NTH - Norges Tekniske Høyskole, Arkitektavdelinga, i 1982. Arbeidde frå 1982-87 hos sivilarkitekt MNAl Kjell B. Hareide i Florø, 1987-93 hos Arkitektkontoret Grieg, Bergen. Frå 1994 fagleg leiar for arkitektavdelinga i Nordplan AS. Har allsidig erfaring innan leiing og prosjektering av dei fleste oppgåver innan arkitektur og planlegging. Har vore ansvarleg for prosjektering av store forretningsbygg, store offentlege bygg som skular og institusjonsbygg. Erfaringa er knytt til leiing både av arkitektteam og tverrfaglege prosjekteringsgrupper. Har også brei erfaring frå rehabilitering og restaurering av bygg med antikvarisk verdi.
         
Rune Norvik  

Rune Nordvik

Sivilarkitekt MNAL
57 88 55 11
rn@nordplan.no

  Rune Nordvik (1947) er utdanna ved ved NTH - Norges Tekniske Høyskole, Arkitektavdelinga, i 1974. Arbeidde fram til 1993 hos Kibsgaard-Petersen Sivilarkitekter AS, Ålesund. Eigen praksis i Ålesund og på Sandane fram til 1996. Frå Tilsett i Nordplan AS frå -96. Har allsidig erfaring innan prosjektering av store næringsbygg og større offentlege bygg som skular, kulturbygg og institusjonsbygg. Har brei erfaring frå rehabilitering og restaurering av bygg med antikvarisk verdi. Erfaring som taksmann for lån- og verditakst for bustad- og forretningseigedomar samt skade- og naturskadetaksering. Har vore engasjert som sakkyndig meddommar for Sogn og Sunnfjord Tingrett.
         
Siri Lund  

Siri Lund

Sivilarkitekt MNAL
57 88 55 12
sl@nordplan.no

  Siri Lund (1968) er utdanna ved ved University of Wales, Bachelor of science. Sivilarkitekt frå Bergen Arkitektskole / 2. avdeling i 1996. Eigen praksis 1996/97, tilsett i Nordplan AS frå 1997. Siri har allsidig praksis frå prosjektering av av einebustader, større feltutbyggingsprosjekt / bustadområde, næringsbygg, skulebygg og helse/ omsorgsbygg.
         
Arild Våge   Arild Wåge

Professor, Sivilarkitekt MNAL
57 88 55 30
aw@nordplan.no

  Arild Wåge (1950), utdanna ved ved  NTH, Arkitekt-avdelinga 1975. 1987-80 ark.-kontoret Holmedal & Wåge MNAL, Stord. 1980-90 ark. kontoret Helliesen-Wåge-Hallgren (HWH), Stavanger. 1990-98 Spesialkonsulent i bygningsvern og 1998-2000 overarkitekt, programansvarleg for bygningsforming, Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Frå 2000 Nordplan AS, avd. Førde. Deltid som hovud-lærar BAS (Bergen arkitekskole) frå 1998, som professor i arkitektur frå 2005. Premiert v/fleire arkitekt-konkurransar. Tildelt Statens byggeskikkpris for Hillarhaugen bustadfelt på Stord. Jurymedlem oppnemnt av NAL v/fleire nasjonale arkitektkonkurransar. Ein periode som medlem i Norsk kulturråd, utval for arkitektur og kulturbygg.
         
Kjetil Aarstrand   Kjetil Aarstrand

Sivilingeniør/
dr.scient. bygg
57 88 55 43
kaa@nordplan.no

  Kjetil (1961) er utdanna cand.agric. bygningsplanlegging (1987) og dr.scient. byggeteknikk (1992) ved NLH. Praksis som prosjektleiar for Fylkesmannen i Oslo og Akershus, bygningsplanleggar for Fylkesmannen i Østfold, dagleg leiar Senter for bygdekultur, Vågå, fagsjef Stiftelsen Norsk Kulturarv, Vågå, dagleg leiar Norsk Fjellmuseum, Lom. Arbeidsområde i Nordplan; prosjektutvikling både av nybygg og ombygging/ restaurering av eksisterande bygningsmasse med spesielt fokus på tilpassing til kulturlandskapet. Tilsett i Nordplan frå september 2007.
         
Grete Marøy Sellevoll  

Grete Marøy Sellevoll

Kontorleiar
Sivilarkitekt MNAL
57 88 55 32
gms@nordplan.no

 

Grete (1967) er utdanna sivilarkitekt ved NTNU i 1993. Tidlegare praksis frå Arkitektkontoret 4B, Arki arkitektar og Kulturavdelinga/Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Tilsett i Nordplan frå 1. september 2008.

         
Lesley Robinson  

Lesley Robinson

Sivilarkitekt MNAL
57 88 55 27
lr@nordplan.no

  Lesley (1966) er utdanna bygningsingeniør ved M&R ingeniørhøgskule i 1991 og sivilarkitekt ved NTNU i 1999. Tidlegare ingeniørpraksis frå Hydro Aluminium Structures. Arkitektpraksis frå Heggelund & Koxvold arkitekter og PULS arkitekter, Oslo. Tilsett i Nordplan frå januar 2008.
         
 

Anne Katrin Taagvold

Sivilarkitekt
57 88 55 42
akt@nordplan.no

  Anne Katrin (1979) er utdanna sivilarkitekt ved AHO i 2009.
Tilsett i Nordplan frå april 2009
         
 

Therese Felde Haugseth

Sivilarkitekt
57 88 55 33

th@nordplan.no

  Therese (1984) er utdanna sivilarkitekt ved NTNU i 2008. Tidlegare praksis frå arkitektkontoret Solem Hartmann i Trondheim. Tilsett i Nordplan august 2010.
   

 

   
 

Caroline Fritz

Sivilarkitekt

57 88 55 24
cf@nordplan.no

  Caroline (1969) er utdanna sivilarkitekt ved Chalmers Tekniska Høgskola i 1997. Tidlegare arkitektpraksis frå Kibsgaard-Petersen Sivilarkitekter, Invit Arkitekter, Solheim & Søvik arkitekter og Rambøll. Tilsett i Nordplan frå 10. januar 2011.
   

 

   
 

Silje Kristine Holmøy Skrede

Sivilarkitekt

57 88 55 80

sks@nordplan.no

 

Silje (1976) er utdanna sivilarkitekt frå Arkitekthøyskolen i Oslo i 2001. Tidlegare arkitektpraksis frå Jansen Arkitekter, Oslo, Invit Arkitekter, Solheim & Søvik Arkitekter og Rambøll. Tilsett i Nordplan frå 2. mai 2011.

   

 

   
Ruth Karin Gunnes Selsjord   Ruth Karin Gunnes Selsjord Landskapsark.MNLA
57 88 55 44
rkgs@nordplan.no
  Ruth Karin (1972) er utdanna landskapsarkitekt frå NLH i 1998. Tidlegare praksis frå Fjellanger Widerøe AS, Det norske hageselskap, Lesja og Dovre kommunar, Areal+ AS. Tilsett i Nordplan frå 31. mars 2008.
         
 

Julie Daling

Landskapsarkitekt

57 88 55 36
jd@nordplan.no
  Julie Daling (1971) er utdanna landskapsarkitekt ved Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB-Ås) i 1997. Tidlegare praksis frå Nordplan, Asplan Viak, Smedsvig Landskapsarkitekter, Lindås kommune. Tilsett i Nordplan frå 1. mars 2011.
       
 

Ingvild Yri

Landskapsarkitekt
57 88 55 29
iy@nordplan.no
  Ingvild (1979) er utdanna landskapsarkitekt frå Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB-Ås) i 2004. Tidlegare landskapsarkitektpraksis frå Smedsvig Landskapsarkitekter og Arkitektgruppen Cubus. Tilsett i Nordplan frå 1. mars 2011.
         

 


Nordplan AS telefon: 57 88 55 00 fax: 57 88 55 01 e-post: post@nordplan.no