Førde Rådhus

Nytt Rådhus i Førde under planlegging, byggestart hausten 2011. Nordplan AS og Mestres Wåge Arquitectes.

 

 Den urbane strategien for prosjektet legg til grunn ein intensjon omfortetting og samstundes etablering av nye byromskvalitetar i sentrum av Førde. For å få dette til har vi distribuert programmet med eit lett fotavtrykk som inviterer bylivet inn i og gjennom bygget. Denne strategien vil bli vidareutvikla også i dei neste byggestegene og på sikt aktivisere heile kvartalet. Volumet er løyst i samsvar med Førde sin etablerte skyline og prosjektet tilfører byen inviterande uterom der folk kan møtes og der byliv kan finne sted. Openhet, transparans, variert skala, og kvartalstruktur er viktige utformingskriterier basert på analyser av Førde sin urbane tilstand og programmet sine forventningar til kvalitetsutvikling i sentrum. Bygget har ein operasjonell og pragmatisk personlighet som tilfører sentrum sør eit viktig orienteringspunkt, ny puls, og samstundes ivaretar omsynet til kontinuitet.

 

 Arkitekturstrategien er basert på prosjektet sitt program som rådhus i ein framtidig kompleks kontest med nye og eksisterande næringsbygg. Gjennom studier av programmet sine ulike kategoriar og intensjonar er det eit vesentleg holdbarhets og bygningsmessig livssykluskriterium å uttrykke bygget som ein generell form der fleksibilitet, endring og inkludering best kan finne sted. Dette er kombinert med eit teknisk og arkitektonisk stabilt og varig ytre. Transparante fasadar perforerer grensene mellom inne og ute og livet i bygget blir ein viktig del av livet i bydelen. Dei offentlege passasjane og patioen trekkes gjennom bygget og oppover på terrassane og bringer innbyggarane i Førde fysisk og visuelt i kontakt med offentleg og politisk verksemd og knyter såleis bygget til ein holdbarstrategi der kulturell aksept / identitetsbygging vil vere eit verdfullt moment både for bygget og for byen.

 

 Skalaen på prosjektet heng nøye saman med arkitekturstrategien. Bygget er tilpassa etablerte byggehøgder i Førde. På grunn av storleiken har vi lagt urbane intensjonar til komposisjonen i form av offentlege byrom, patio, overdekningar, terassar og passasjar og latt bygget delta i identitetsbygginga i Førde som eit stort bybygg av ein ny, open, transparent og generøs sort som aktiverer kvartalet og bidrar til å veve sammen sentrum sør som bydel.

 

 Distribusjon av romprogram er vist i ein miks horisontalt og vertikalt med gode internforbindelsar fordelt rundt ein patio der rådhusprogram er vist hovudsakleg på plan ein, to, tre og fire. Utleigeprogramet / eksterne verksemder / framtidig utviding er vist hovudsaklig på plan ein og fem med felles møterom, kantine etc blanda med rådhusprogrammet i dei øvrig etasjane.

 

 Tekniske rom er plassert i underetasjen med unntak av vifterommet til kantinekjøkkenet som ligg på plan fire. Hovuddistribusjon av tekniske anlegg går frå tekniske rom via hovudsjakter og korridor fram til alle rom. Hovudinntak og avkastning av luft er plassert på utearealet sørsida og nordsida av rådhuset med kulvertar frå to tekniske rom. På sørsida er også trafo til bygget plassert.

 

 Planen er løyst med tanke på ei blanding av ulike romtyper. Deler av bygget har optimale enkeltkontormoduler. Det er og fløyar med større breidde for alternative kontormønster, møtestadar og bruk til andre typar romprogram. Det er lagt vekt på å forme eit bygg med gode internforbindelsar, gode dagslysforhold og varierte innredningsmuligheter. På plan fire ligg felles kantine, bystyresal, formannskapsal, konferanse- og møterom med fin utsikt og med god tilknytning til takterrassane. Alle rom i bygget nås med trapper og heisar. Heisane er rommelege nok til også å frakte møblar og varer til drift av bygget. Trapper og heisar går ned til parkeringsetasjen. Universell utforming er gjennomgåande vektlagt. Det er vist eksempel på møbleing av typiske rom i planteikningane. Lysarmaturane vil hovudsakleg vere nedhengte under himling og lyset vil delvis komme som reflektert opplys frå armaturane. Varme og kjøling vil vere basert på ventilasjonsanlegget og vannbåren varme til radiatorar.

 

 Situasjonsplanen viser at bygget inngår i ein kvartalstruktur i sentrum sør. Dette prosjektet legg seg greit inn i miljøet. Endringa av Torget vil bringe elva meir inn i bybilete ved å trappe plassen ned og knyte den til den eksisterande fiskestien. Torghandel kan i framtida finne plass i den nye patioen og under det store plasstaket som Rådhuset tilfører torget. Dei nye byrommene, patioen og terrassane vil vere inviterande og velfungerande uteamfi til festivalbruk, konsertar og folkefestar. Eit felt for barneleik er plassert på torget og eit felt for ungdom, skating, er plasset sør for bygget for å auke attraktiviteten og bruken av offentlege uterom i Førde sentrum.

 

 Urban struktur gjennom bygget og grøn struktur mot Hafstadfjellt intensiverer eksisterande kvaliteter i området og etablerer ideen om Fjellstien i kvartalet knytta saman med elva gjennom rådhuset.

 

 Tilkomst og sirkulasjon er organisert slik at publikum kan nå første etasje både frå Langebruvegen, frå Torget, og frå dei nye passasjane i kvartalet. Frå patioen går det trapper til terrassar på plan to, tre, fire og fem. Frå patioen når du og parkeringsetasjen under bygget. Hovudinngangen på plan ein ligg sentralt og synleg plassert og har felles publikumsområde med sørvistorg og informasjonsavdeling. Frå dette området nås alle avdelingar og parkeringsgarasje via sentralt plassert trapp og heis. Hovudtrappa fører oppover i bygget. Parkering skjer via rampe direkte frå riksvegen. Varetransport skjer frå Langebruvegen og Torget og via heis frå garasjen.

 

 Resursbevarande byggeprinsipp i vid forstand er lagt til grunn i prosjektet der løysingar med fornuftig driftsenergi er ballansert med langsiktig forvalting av prosessenergien som inngår i byggeprosessen no og i framtida. Strame rammer for driftsenergien i nybygg bringer årskostnadane og energibruken på dette feltet nedover. Fokus er i dette prosjektet også knytt til optimalisering av prosessenergien / kostnader med sjølve byggeprosessen og kostnader i samband med framtidige  endringar, som normalt opptrer i denne typen bygg.

 

 Livssyklusstrategiar er lagt til grunn ved valg av bygningselement, materialar, konstruksjonsprinsipp og arkitektonisk utrykk. Krav til generalitet, fleksibilitet og forandring står sentralt når det gjeld innvendig aptering med utstrakt grad av elementbygde vaggar, himlingar etc. Dette er kombinert med planar som viser generelle rom som passar for dei fleste. Krav til lang levetid og teknisk / funksjonell holdbarhet er lagt til grunn når det gjeld valg av fasadar, utvendig overflate, konstruksjon og arkitektonisk kvalitet. Demontering og gjennbruk av bygningselement inngår også i livssyklusstrategien for bygget med utstrakt bruk av gjennbrukbare /salgbare elementbygde komponentar innvendig, utvendig og i konstruksjonane.

 

 Konstruksjonane er hovudsakleg i betongelement monterbare (og demonterbare) med kort byggetid.  Ein del underliggande bjelkar i etasjane vil kreve romlege variasjonar med tanke på himlingsprinsipp  og framføring av tekniske anlegg i spesielle rom. Den store opningen mot Torget har slanke søyler. Søylene er utveksla med kryssribbekonstruksjonar under golvet i tredje etasje. Kryssribbene utvekslar behovet for gode søyleplasseringar i P- garasjen og gode plasseringar i kontorene i tredje etasje. Horisontalavstiving oppnås ved trapper, sjakter og veggskiver i stedstøpt betong.

 

 Innvendige romskilleveggar er utført med tanke på god romleg kontakt og transparens. Det er brukt glasveggar med glasdører i mange møterom og mot gangsoner der det ikkje stilles spesielle lydkrav eller brukskrav. Skilleveggar er elementbygde. Veggelementene går opp til himlingshøge og over den er det faste veggfelt. I midtsoner med rom for arkiv, møte, toalett etc blir det nytta konvensjonelle plassbygde skilleveggar. Veggplanane og lydplanane viser korleis dette er planlagt.

 

 Fasaden er tenkt utført som plassbyggd konvensjonell vegg i to sjikt som vist i prosjektet. Utvendig er veggane kledd med perforerte aluplater. Vinduene er faste, går frå dekkekant til dekkekant med utvendige regulerbare solskjermingsgardiner mot sør, aust og vest. To tredelar av fasaden har tette isolerte felt. Ein tredel er glasflate. Fasaden har ein innvendig plassbygd påforing for ekstra varmeisolering og ev. framføring av enkelte tekniske anlegg. Det er lagt vekt på å finne fram til ein optimal fasade med tanke på å utnytte verdien og kvalitetane ved dagslyset og samstundes ivareta høge krav til låg energibruk. Fasaden omsluttar konstruksjonen, bygget har ingen utprega kuldebruer. For å oppnå høge krav til energisparing er det ikkje prosjektert lukkevindu generelt, men det kan ev vere lukkevindu i einskilde felles rom.

 

 Individuell frihet  til regulering av innsyn og lysintensitet skjer ved bruk av gardiner eller innvendige persienner. Det legges og opp til individuell styring av utvendige rullegardiner ved hjelp av ein styrekontroll montert i kontorene.

 

 Takterrassane er utført slik at det ikkje er høgdeforskjellar mellom terassane og romma innanfor. Terassane har tregolv og nokre faste element for plantar og til å sitte på. Utvendige trapper og terassar i atriet er konstruert av stål.

 Yttertak utanom takterrassane er utført av Lettakelement eller tilsvarande konstruksjonar.

 

 Stor termisk masse i dekkene vil bidra til ei energimessig holdbar løysing med godt dagslys og eit sunt innemiljø.

 Det er lagt vekt på å lage eit velfungerande bygg, eit tilgjegeleg bygg, eit operasjonelt bygg og å integrere bygget i miljøet der det ligg. Det er lagt vekt på å løyse oppgåva innafor holdbare rammer.

 

 Dekke byrom og hud: I staden for å lage eit ”teatralsk / formalistisk” bygg er Rådhuset forma som eit enkelt konseptuelt prosjekt, ein kotemodell, som består av tre element; dekker, byrom, og hud. Byromm artikulerer dekkene, perforerer dekkene vertikalt og tilfører bygget ein straum av energi og informasjon ved å tiltrekke seg folk og ved å gi interiørene lys, luft, lyd og liv. Ytterhuda blir eit tydeleg utsagn om ein grunnleggande open, produktiv og sosialiserande funksjon arkitekturen kan tilføre Førde og distriktet.

 

 Det identitetbyggande og spektakulære som etterspørs i programmet er tilført byen i form av byrom, inviterande rommlege møteplassar, eit reelt urbant løft.

Nordplan AS telefon: 57 88 55 00 fax: 57 88 55 01 e-post: post@nordplan.no