Rasteplass Farnes

Rasteplassen ligg ved nasjonal turistveg: Gaularvjellsvegen i Sogn og Fjordane.
Rasteplassen er plassert og forma med tanke på å tilføre Farnes eit nytt orienteringspunkt, ein varde langs vegen, ein kvilarstein som kan bringe ny puls inn i bygda. Samstundes er plassering og form tufta på generelle kriterier knytta til oppleving av fjordlandskapet. Ein pir frigjer den reisande frå kystlina og forsterkar opplevinga av landskapsrommet. Piren har sitteplassar og integrert infoanlegg. Piren fortel om det konseptuelle ved å gå i land. Piren er ein raud løper. Parkeringsanlegget ligg inn mot terrenget ovanfor vegen. Ein buss kan stå ved rasteplassen. Ein presis mur skaper skarp grense mot fjorden. På muren ligg rasteplass og toalettanlegg. Ei strand med ein lund og campingbord er vist ved det eksisterande naustet nord for parkerisanlegget. Ein sti knyter anlegget til Farnesbui, avstand 100 m. Søylerekker forma som sjøgras kjem opp av havet og tøyer seg mot lyset. Transparente, glatte, veggfelt gjev lyset sin skugge. Veggfelta reflekterer himmel, sjø, folk og fjell. Veggfelta opnar og skjermarlandskapskontakten i vekslande sekvensar og stimulerer sansane. Informasjon som tekst og grafikk kan monterast på veggfelta. konstruksjon for immobilitet. Konstruksjon for reisas mål. Konstruksjon for møte mellom her og no, mellom fjord og land, mellom skugge og lys. Konstruksjon for starten på ei reise.

Nordplan AS telefon: 57 88 55 00 fax: 57 88 55 01 e-post: post@nordplan.no