I tillegg til å inneha den formelle takstfaglege kunnskap, er vår styrke at våre takstfolk har solid fagutdanning (sivilarkitekt , sivilingeniør, ingeniør) og lang erfaring i å prosjektere og administrere bygge- og anleggsarbeid. Vi kan utarbeide eit breidt spekter av ulike takstdokument, innan dei fire hovudkategoriane verditakst, tilstandsrapport, skadetakst og skjønn. Vårt kontor er autorisert for taksering innan fylgjande område:
- Taksering av boligeiendommer
- Tilstandsrapport for boligeiendommer (omfatter også boligsalgsrapport)
- Taksering av næringseiendommer
- Taksering av skader på fast eiendom
- Skjønn på fast eiendom
Verditakst
Verditakst er ei verdivurdering av det aktuelle objekt, med spesifisering av alle eigenskapar ved objektet som kan ha avgjerande betydning for den endelege stipulerte verdi. Verdisettinga vil vere basert på skjønn, samt marknadssituasjonen for det aktuelle objektet. Verdien vert fastsett på takseringsdagen.
Tilstandsrapport
Tilstandsrapport er ein detaljert omtale av den tekniske og vedlikehaldsmessige tilstanden. Rapporten omtalar svakheiter i tilstanden og er uavhengig av marknadskonjunkturane.
Skadetakst
Skadetakst gir ei detaljert skildring av ein skade på eit objekt, med utarbeiding av kostnadsoverslag for utbetring av skaden. Ein skadetakst vert vanlegvis utarbeidd i tilknyting til eit forsikringsoppgjer.
Skjønn
Skjønn vert i dei fleste tilfelle nytta der det ikkje finst eit fullstendig fysisk objekt å taksere, for eksempel etter brann.
Alle rapportar vert spesifisert etter gjeldande lover, reglar og standarder som er aktuelle for det respektive objekt.
Referanseprosjekt, klikk her