Kunngjering av planoppstart for Detaljreguleringsplan for Hegrenes bustadområde gbnr.73/1, Jølster kommune

 

 

Imedhald av Plan og bygningslova sin §12-8 vert det varsla om oppstart av privat detaljreguleringsplan for bustadfelt på Hegrenes  gnr. 73 bnr. 1 mfl. i Jølster kommune.

Føremålet med reguleringsplanen er å leggje eit ca.37 daa stort området til rette for bustadtomter  med tilhøyrande infrastruktur, friområde og leikeareal. Planområdet er tenkt knytt til infrastruktur i eksisterande bustadfelt i området.

 

 

 

Arealbruken i planområdet er i dag styrt av kommuneplanens arealdel frå 1999 og avsett til landbruks-, natur- og friluftsområde. Planen fører etter kommunen si førebelse vurdering ikkje til krav om konsekvensutgreiing etter kap.4 i plan og bygningslova (jf. vedlagt brev datert 26.09.2011).

Oddvar Svidal er tiltakshavar og Nordplan As er utførande konsulent. Oppstart er annonsert i Firda. Annonsa vert også å finne på www.jolster.kommune.no og www.nordplan.no/kunngjeringar/. Naboar og berørte partar vert med dette varsla direkte.

Vidare saksgang:
Berørte partar har rett til å kome med innspel/merknader ved denne oppstarten av reguleringsforslaget. Alle innkomne merknader vil bli vurdert og kommentert i saksframstillinga. Planforslaget vert utforma og skal handsamast i Planutvalet i Jølster kommune som evt. legg planen ut til offentlig ettersyn i minimum 60 dagar. Publikum og berørte partar har også rett til å uttale seg om saka ved offentlig ettersyn. Kommunen varslar berørte partar skriftleg, samt kunngjer i Firda når det er tid for offentlig ettersyn.


Frist for innsending av merknader:
Eventuelle innspel til planarbeidet kan sendast til
Nordplan AS, Pb.685
6801 Førde eller på e-post til
jd@nordplan.no.

Frist for innspel: 12.mars 2012.

Spørsmål kan rettast til Nordplan AS v/ Julie Daling på telefon 57 88 55 36.

Nordplan AS telefon: 57 88 55 00 fax: 57 88 55 01 e-post: post@nordplan.no