Forretningsidé

Vår forretningsidé er å levere rådgjevings- og prosjekteringstenester som skaper verdiar for kundane og lønsemd for selskapet.

 

Vi har som målsetting å vere eit leiande fagmiljø innanfor planlegging og prosjektering av bygg og anlegg. Denne målsettinga vil vi nå ved å skape funksjonelle løysingar og moderne arkitektur av høgste klasse basert på ein overordna filosofi som integrerer økologiske, sosiale, tekniske og økonomiske omsyn gjennom heile oppdraget frå idéutvikling til ferdig prosjekt. 

 

Arbeidet som vert utført på våre kontor skal vere av høg fagleg standard. Vårt arbeid skal utførast i samsvar med krav i forskrifter og lover samt oppdragsgjevar sine krav nedfelt i prosjektet sitt program, rammebetingelsar og kontrakt.

 

Nordplan skal utøve rådgjevingstenester i samsvar med RIF - Rådgivende Ingeniørers Forening - og Arkitektbedriftene i Norge sine normer som tek vare på krav til fagleg kompetanse, sunn forretningsmessig drift, god orretningsskikk og uavhengig rådgjeving.

Nordplan AS telefon: 57 88 55 00 fax: 57 88 55 01 e-post: post@nordplan.no