Kvalitetssystem

Kvalitetssikringssystemet vårt tilfredsstiller krava i NS-EN-ISO 9001 og systemkrava i "Byggesaksforskrift (SAK 10 )av 01.07.2010".

 

Kvalitetssikringssystemet tar utgangspunkt i ”Maks2005” som er utvikla av Arkitektbedriftene i samarbeid med Statens bygningstekniske etat.

 

Viktige element i kvalitetssikringa/kvalitetsplanen er:
- Rutiner for intern fagleg koordinering og koordinering mot andre fag
- Kontroll av myndigheitskrav (kontrollplanar)
- Organisatorisk oppbygging og ansvar
- Sikring av arbeidsrutiner (sjekklister, kontrollrutiner, prosedyrer og lignende)
- Overhalding av tid/framdrift
- Generell eigenkontroll
- HMS-forhold
- System for sikring av informasjonsflyten i prosjektet

 

Kontrollansvar:
All kvalitetssikring er basert på eigenkontroll, dvs. at kvar prosjektmedarbeidar har ansvar for å kontrollere sitt eige arbeid med utgangspunkt i designgrunnlaget. I tillegg kjem den overordna kontrollen frå vedkomande som er tildelt kontrollansvar. All kontroll vert dokumentert ved bruk av sjekklister der prosjektmedarbeidar og kontrollansvarleg signerer.

 

Sikring av data/EDB: Alle våre PC-ar og DAK-arbeidsstasjonar er kopla i nettverk mot ein sentral server. Alle datafiler (teikningar og anna prosjektmateriell) vert lagra mot denne serveren. Kvar natt tar vi backup/sikkerheitskopi til ein tape som vert lagra brannsikkert. Dette er viktig både for oss og byggherre/tiltakshavar. Ved ein evt. brann på vårt kontor vil alt prosjektmateriell eldre enn 1 dag vere sikra.

Nordplan AS telefon: 57 88 55 00 fax: 57 88 55 01 e-post: post@nordplan.no