Vår filosofi

Uavhengig
Nordplan skal vere uavhengig i høve til andre partar – som entreprenørar, leverandørar og offentlege instansar. Dette sikrar interessene dine. Vår faglege kompetanse og vårt ansvar som uhilda rådgjevar er sikra ved at vi er tilslutta Norges Praktiserende Arkitekter og RIF – organisasjonen for rådgivere.

 

Fleirfagleg
Resultatet av arkitektar og ingeniørar sitt arbeid er synleg over alt i samfunnet. God form og teknikk er avgjerande for å redusere utbyggingskostnader og framtidig behov for vedlikehald. Det er i startfasen av prosjektet at kvalifisert rådgjeving har størst effekt på resultatet. Fleirfagleg samarbeid i denne fasen er avgjerande for å oppnå dei beste løysingane. Nært samarbeid mellom arkitektar og ingeniørar gjev meirverdi.

 

Vår breie faglege tilnærming skal sikre optimale løysingar. Vi har inngåande kunnskap om funksjon, så vel som til kva for fysiske og kjemiske påkjenningar ulike konstruksjonar kan tåle. Gjennom god utforming og rett materialbruk reduserer vi såleis framtidige drifts- og vedlikehaldskostnader.

 

Kunnskap
Profesjonell planlegging av ei byggesak krev kunnskap og lang erfaring. Slik kompetanse har vi fått gjennom eit stort mangfald av oppdrag, dyktige medarbeidarar og samarbeidspartnarar. Vi utfører oppdrag både for privat og offentleg sektor. Vi kjenner godt til offentleg sektor sine krav til open planprosess, til samarbeid, til ansvar for miljø og heilskaplege løysingar. Denne kunnskapen gir oss eit godt utgangspunkt for å løyse problemstillingar der begge partar er involverte.

 

I Nordplan arbeider sivilarkitektar, landskapsarkitektar, sivilingeniørar og ingeniørar. Ved å kombinere desse fagdisiplinane i arbeidsgrupper tilpassa kvart einskilt oppdrag, kombinert med at vi disponerer effektive EDB/DAK- verktøy, har vi eit godt utgangspunkt for å levere gode- og ikkje minst teknisk og økonomisk gjennomførlege planar. Det er denne breie kompetansen du får tilgang til ved å bruke Nordplan som planleggar.

 

Vi har for våre kompetanseområde sentral godkjenning i klasse 3 etter Plan- og bygningslova; som ansvarleg søkar, ansvarleg prosjekterande og ansvarleg kontrollerande.

 

Verdiskaping
Det kompetansebaserte arbeidet vi utfører ved å skape god arkitektur, økonomiske og funksjonelle løysingar, representerer ei vesentleg verdiskaping i eit prosjekt, på linje med sjølve byggearbeidet. Difor er vårt arbeid viktig, difor tar vi fagleg kompetanse på alvor.

Nordplan AS telefon: 57 88 55 00 fax: 57 88 55 01 e-post: post@nordplan.no