Plan og Infrastruktur

By- og arealplanlegging

Nordplan utarbeider planar på alle detaljeringsnivå, frå regionalplanar og overordna kommuneplanar til reguleringsplanar og detaljerte utbyggingsplanar for bygningar og anlegg.

Referanseprosjekter

Som del av slike formelle planar etter Plan- og bygningslova, utarbeider vi landskapsanalyser, by- og tettstadanalyser og konsekvensutgreiingar. Kompleksiteten i denne typen planlegging er stor, med mange tverrfaglege problemstillingar.

Samferdsel-, VAR- og miljøteknikk

Vi utarbeider teikningar, tekniske spesifikasjonar, tilbods- og kontraktsdokument for utbygging.

Referanseprosjekter

Nordplan prosjekterer veg- og gateanlegg, utbyggingsfelt og andre utomhusanlegg med tilhøyrande VA- tekniske installasjonar. I planlegginga står tekniske, estetiske og miljømessige vurderingar sentralt. Dette involverer fleire faggrupper ved kontoret vårt. Vi gjennomfører forundersøking, forprosjektering, landskapstilpassing og kostnadsvurdering.

Kart og oppmåling

Nordplan har nytt og topp moderne utstyr, og kan levere kart og oppmålingstenester på alle nivå.

Vi kan tilby utarbeiding, kontroll og supplering av kartgrunnlag for nye prosjekt, utsetting av prosjekterte tiltak, innmåling og mengdedokumentasjon for dei fleste typar prosjekt.