Eplehagen omsorgsbustadar

Eplehagen Omsorgsbustader er eit bustadprosjekt for yngre menneske med særskilde hjelpebehov.

Bygget om­fattar totalt 9 bueiningar med tilhøyrande fellesareal, personal- og driftsfunksjonar, totalt ca. 1450 m2 BTA. Dei ulike bygningsvoluma er organisert kring eit felles gardsrom. Frå leilegheitene har ein eige privat uteareal med god utsikt til omkringliggande eplehagar og fjordlandskap.

Det har vore lagt vekt på å skape eit bustadprosjekt med gode kvalitetar for alle brukarar – både bebuare, tilsette og besøkjande. Bebuarane skal få tilpassa bustader i trygge rammer, med fellesareal inne og ute som legg til rette for ulike former for sosialt fellesskap. Omgjevnadene skal skape trivsel og bidra til god livskvalitet. Anlegget skal vidare vere ein godt tilrettelagt arbeidsplass med triveleg arbeidsmiljø som kan sikre ein stabil personalbase over tid.

Nordplan har vore engasjert av Balestrand kommune til å utarbeide reguleringsplan, skisseprosjekt, forprosjekt og grunnlag for totalentreprise i tillegg til oppfølging i byggefase.

Sørvendte bustadarHovudinngangBeplanting langs tilkomsttvegDetalj frå tunhageTunhageSpilekledningFelles uteplass mot eplehagar i sørStove/kjøkkenOverlys mot nordBadPersonalgarderobeMøteromFasade langs BalavegenFasadedetaljTilkomstveg 1.etg.Fasade mot austEplehage
Byggherre: Balestrand Kommune
Oppdrag: Reguleringsplan samt arkitekturprosjektering frå skisseprosjekt til forprosjekt og grunnlag for totalentreprise i tillegg til oppfølging i byggefase.
Fagområde: Arkitektur
Prosjektnr.: 14063
Stad: Balestrand
Areal: 1450 m2 BTA
År: 2016

RELATERTE PROSJEKTER