Europan 13

Europan er ei internasjonal konkurranse for arkitektar og landskapsarkitektar under 40 år. Ørsta var ein av fire norske byar i Europan 13.

E39 skal i framtida gå via Eikesundsambandet i staden for gjennom Ørsta. Byen vert liggande utanfor hovudvegen, men samstundes frigjer omlegginga óg eksklusive fjordtomter sentralt i byen. Europan-oppgåva i Ørsta gjekk ut på å synleggjere kva kvalitetar byen bør fokusere på framover og kva rolle den kan ta i regionen.

Vår visjon for framtida er at Ørsta vert nærings og handelssenter i regionen, med eit variert bustadtilbod. Det er naudsynt med ein klar utbyggingsstrategi for å nytte investeringskreftene best mogleg. Ved å fortette byen vest for dagens E39 samt å satse på parkering under terreng, vil ein kunne danne ein lett tilgjengeleg bykjerne. Vidare er Sunnmørsalpane og fjorden kvalitetar som kan trekke besøkande til Ørsta året rundt. Ørsta bør opne seg mot fjorden, bevare dei historiske elementa og nytte nybygg til å fortette og fremje aktivitet i eit elles fragmentert sentrum.

HovudplanKvalitetarUtfordringarE39StrandpromenadeVikegata
Byggherre: Ørsta Kommune / Europan 13
Oppdrag: Internasjonal plan- og designkonkurranse
Fagområde: Arkitektur, landskapsarkitektur, plan, samfunnsgeografi
Prosjektnr.: 15073
Stad: Ørsta
År: 2015

RELATERTE PROSJEKTER