Førde Sentralsjukehus - Bygg Aust

Bygg Aust er eit nybygg ved Førde Sentralsjukehus som inneheld felles interkommunal legevakt, overgrepsmottak og kommunal akutt døgneining i tillegg til avlastingsareal med kontor, møte- og grupperom for Helse Førde. Delar av eksisterande sjukehus og parkanlegg er freda av Riksantikvaren. Arkitektoniske prinsipp frå det opphavelege sjukehuset vidareførast i typologi, volumoppbygging og fargebruk i nybygget.

Bygget er prosjektert etter høge krav til generalitet / fleksibilitet. Det er lagt vekt på gode prinsipp for universell utforming. Bygget er oversiktleg, lettfatteleg og har ein eigen identitet. Dette er prinsipp som er viktige for å fremme naturleg lesbarheit og orientering. Bygget har passivhusstandard. Det er lagt vekt på omsyn til miljømessige konsekvensar ved val av materialar og prinsipp for utforming i detaljprosjektet.

1. september 2017 vart legevakta, KAD-eininga og overgrepsmottaket offisielt opna av Helse- og omsorgsminister Bent Høie. NRK sitt innslag om opninga vart sendt på Vestlandsrevyen (link opnar i ny fane);

https://tv.nrk.no/vestlandsrevyen

Bygget har óg vore omtala i fleire avisartiklar (link opnar i ny fane);

https://www.nrk.no/verdas-finaste-legevakt

https://www.nrk.no/splitter-nytt-legevaktbygg

https://www.firda.no/dette-blir-ei-av-landets-beste-legevakter

FugleperspektivFrå sjukehusparkenHovudinngang - Foto: SYS-IKLInteriørdetalj trapperomInteriør møteromSYS-IKL klare til å ta imot dei første pasientane - Foto: Firda v/Astrid I.S. Korsvoll.jpgHelse- og omsorgsminister Bent Høie klipper snora - Foto: NRK v/ Sondre DalakerHelse- og omsorgsminister Bent Høie på synfaring - Foto: Anne Lilleaasen.jpgSynfaring under opninga 1. september - Foto: Anne Lilleaasen.jpgSykkelparkeringFasade nordFasade austStruktur
Byggherre: Helse Førde
Oppdrag: Arkitekturprosjektering fra konseptfase til ferdigstilling
Fagområde: Arkitektur
Prosjektnr.: 15002
Stad: Førde
Areal: 3000 m2 BTA
År: 2017

RELATERTE PROSJEKTER