Hafstadparken

Hafstadparken er eit aktivitetsområde for heile Førdesamfunnet, med tilrettelegging for rekreasjon, leik og idrett. Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Førde kommune og Førde Idrettslag. Innanfor planområde på ca. 90 daa er det godt med parkeringsareal for bilar og syklar, idrettsbaner og aktivitetsanlegg, park- og rekreasjonsareal og ny barnehage og klubbhus.

Parkområdet ligg vakkert til på ei elveslette langs elva Jølstra, nær Førde sentrum. Det er lagt stor vekt på tilgjengelegheit for alle og at området skal kunne nyttast av folk i alle aldrar. Parkområdet er eit av dei største aktivitetsanlegga på Vestlandet og har blitt ein stor suksess frå dag ein.

Filmen nedanfor er produsert av Findriv i samarbeid med Espen Nyttingnes.



Oversikt frå lufta (Foto: Firda)Funksjonar (Ill.: Førde Kommune)SkateparkUtandørs treningKlatreleikBasketballSandvolleyballTurstiFotballIllustrasjonsplan
Byggherre: Førde Kommune
Oppdrag: Detaljregulering, Veg- og VA-anlegg
Fagområde: Landskapsarkitektur, plan, infrastruktur
Prosjektnr.: 10041
Stad: Førde
Areal: 90 daa
År: Ferdigstilt 2015

RELATERTE PROSJEKTER