Kallarhaugen

På oppdrag frå TRH AS har Nordplan utarbeidd detaljregulering for området, Kallarhaugen, på Svorta i Skodje kommune. Prosjektet omfattar detaljregulering av eit bustadområde med totalt ca 33 einebustadtomter, ca 8 kjeda bustader og eit bygg med fleire bueiningar (blokk).

I dag har området eit landleg preg med spreidd bustadbygging, kulturlandskap og eldre gardstun. Planen tar vare på eksisterande bustad- og kulturmiljø, og kontakten til strandsona og fjordlandskapet. Den legg til rette for å etablere ny bustader med separat tilkomstveg inn i området, og oppgradering av eksisterande veg.

Nordplan har hatt tett dialog med oppdragsgivar og kommunen, samt naboar undervegs i planprosessen. Det er utarbeidd forprosjekt for vegløysing, plankart, planomtale og føresegner.



PlankartIllustrasjonsplanFlyfotoBilde av området
Byggherre: TRH AS
Oppdrag: Detaljregulering, bustadområde
Fagområde: Plan- og infrastruktur
Prosjektnr.: 12200
Stad: Skodje
Areal: 110 daa
År: 2015

RELATERTE PROSJEKTER