Områderegulering Volsdalsneset

Områdeplanen omfattar tidlegare industriareal og dagens vidaregåande skule (tidl. Maritime skule). I tillegg ligg deler av eit viktig rekreasjonsområde her.  Det er sterkt fokus på at Volsdalsneset og dei sjønære areala framleis skal vere eit område for alle, ikkje berre nye bebuarar. Planen omfattar endring av infrastruktur, tilrettelegging for konsentrert bustadbygging og friområde. Det er lagt vekt på gode gang-/sykkel- og fortaus-samband, oppgradering av friområde med kyststi og tursti, fleire aktivitetsområde og leikeareal, badeplass, gode uterom, m.m.  Omfattande volum- og sol/skyggestudiar ligg til grunn for løysinga. Områdeplanen opnar for å bygge mellom 400-450 nye bueiningar. Det er jobba med brukarmedverknad i høve barn og unge i denne saka. Nordplan har og laga ein detaljplan som er vedteken for del av områdeplanen, den del av området som ligg lengst øst, og som er under planlegging av «Fri Sikt Volsdalsberga AS» (Ulsmo).

 

Skisse fugleperspektivFlyfotoUtsikt mot HessaVolum- og sol/skyggestudierOmrådeplan
Byggherre: Ålesund kommunale eiendom KF, Ålesund stadion KS og Ulsmo Eiendom AS
Oppdrag: Reguleringsplan/områdeplan
Fagområde: Arealplanlegging
Prosjektnr.: 12117
Stad: Ålesund
Areal: 129 daa
År: 2011-2016

RELATERTE PROSJEKTER