Områdereguleringsplan Ytre Øyrane

På oppdrag frå Førde kommune og Ankerløkken Eigedom AS har Nordplan utarbeida eit forslag til områdeplan for utvikling av eit eksisterande næringsområde.

Føremålet med planen er å leggje til rette for ei fortetting med vidareføring av eksisterande aktivitetar i område, med føresegner som legg føringar på nyetableringar og framtidig utviklingspotensiale.

Det vart gjennomført ei konsekvensvurdering av eit større utfyllingsareal i sjø. Planen synleggjer ei målsetjing om ein langsiktig transformeringsprosess til ein næringspark der ein ikkje ønskjer nyetableringar som fører med seg særlege ulemper som støy og forureining.

Oppdraget har bestått i prosjektleiing inkludert møtegjennomføring, og utarbeiding av plandokument med planprogram, fortettingsstudie, planskildring, føresegner, konsekvensutgreiing og plankart.

Flyfoto (Foto: Arne Stubhaug)Plankart3D-illustrasjon - Fortetting
Byggherre: Førde kommune og Ankerløkken Eigedom AS
Oppdrag: Områdereguleringsplan med planprogram og konsekvensvurdering
Fagområde: Plan
Prosjektnr.: 13014
Stad: Førde
År: 2016

RELATERTE PROSJEKTER