Opera Nordfjord - Eid VGS

I 1997 oppstod for første gong tanken om ein regional opera på Nordfjordeid, og i 1998 vart operaen etablert. Mange opplegg for operahus blei diskutert, frå eige hus til ulike kulturhusmodellar. Riktig fart i prosjektet blei det først då eit samarbeid mellom Opera Nordfjord og Eid vidaregåande skule vart etablert.

Skulen ville samlokalisere yrkesfagavdelinga med allmenfagavdelinga, og operaen trengte hus. Resultatet er at vidaregåande skule, operasal, kino og bibliotek vart bygd opp rundt det eksisterande allmenfagbygget på Eid Vidaregåande skule.

Prosjektet omfattar renovering av eksisterande skulepaviljongar for allmenfag frå 1970 – talet, nye verkstader for yrkesfag, ny læraravdeling, operasal m/orkestergrav, solistgarderober, kinosal, billettkontor, kantine/vrimleareal/foajè med tilhøyrande garderober og kjøkken og bibliotek. Anlegget ligg i gangavstand frå den historiske Eidsgata, litt løfta i landskapet på ein naturleg terasse mot Eidsfjorden.

Bygget fylgjer eksisterande terreng. Det har vore ei målsetting å legge mest mogleg av det nye programmet på same nivå som hovudplanet i eksisterande klasserom. Terrenget fell mot sør. Dette har vi utnytta ved å utvide eksisterande underetasje. Biblioteket er plassert her.

Utomhusareala er tilgjengelege for alle, dei er varierte og er fordelt slik at dei kan nåast direkte frå dei ulike bruksareala i anlegget. Det store,lukka volumet som operasalen og kinosalen utgjer er plassert på den delen av tomta som ”tåler” dette volumet best utan at det blir for prangande og dominerande i den arkitektoniske og landskapsmessige heilskapen.

Frå forestillingInngangsparti sett fra søraustFrå åpningsforestillingÅpningsforestillingFasade kveldOperaen sett fra sørFrå sørvestKultursalenKultursalenFoajeen brukt som kantineKantineFrå biblioteketDetalj foajeDetalj innside foajeInngangsparti sett frå innsidaInngangMot baksidaMot eksisterande byggOperaen sett frå elva

Planane er løyst slik at kulturdelen kan nyttast uavhengig av skulen si opningstid. Samstundes er skulen sine verkstader integrert i operahuset som produksjonsområde for kulissar, kostyme etc. og som pause- og øvingsområde for musikarar og skodespelararar. Skulen produserer no som del av si prosjektretta undervisningsverksemd kulissar, kostymer etc. for operabruk og nyttar operasalen, kinoen, biblioteket og foajéen i undervisninga.

Den nivådelte salen med fast amfi og 550 sete er fleksibel i bruk og stemningsfull også ved arrangement med færre tilskodarar. I slike tilfelle mørklegg ein øvre amfi og nyttar nedre amfi, der det er plass til ca. 350. Optimal akustikk har vore ei stor utfordring. Den skal fungere for all slags musikk, frå opera til rock, men den er spesialdesigna for framføring av akustisk musikk. Ved framføring av forsterka musikk kan etterklangen regulerast ved heve/senkbare akustiske teppe.

Forholdet mellom sal og scene er pga. den nivådelte salen intimt, med korte avstandar som også amatørar kan beherske. Scenetårnet har 12m fri høgde. Materialbruken er enkel og direkte relatert til god lyd og visuell klarheit. Det er brukt svarte betongveggar i salen med påmontert svarte lydrefleksjonsfelt, mørkt linoleumsbelegg på golv og og raudpolstra stolar.

Skuledelen er løyst med tanke på god integrasjon av yrkesfagelevar, allmenfagelevar og lærarar. Hovudinngangen på søraustre hjørne er lokalisert i det punktet på tomta der størstedelen av elevane passerer til dagleg, på veg til/frå sentrum, idrettshus, skulebuss m.m. Såleis blir kulturdelen m/fojé/kantine og bibliotek felles møtestad og felles prosjekt, eit ”omdreiningspunkt” i skulen.

Byggherre: Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Eid Kommune
Oppdrag: Arkitektkonkurranse for totalentreprise
Fagområde: Arkitektur, byggeteknikk, landskapsarkitektur, brannrådgjeving
Prosjektnr.: 06120
Stad: Nordfjordeid
Areal: 9 132 m2
År: 2009

RELATERTE PROSJEKTER