Svelgen Omsorgssenter

Svelgen Omsorgssenter er eit av dei største byggeprosjekta i Bremanger kommune på mange år og er eit viktig utviklingsprosjekt i kommunesenteret. Omsorgssenteret har fått ei sentrumsnær tomt i sjøkanten, med stadion som næraste nabo mot sør. Det er etablert ei ny offentleg strandpromenade langs sjøen, som bind området saman med hovudtorget i sentrum og vidare mot bustadområda i vest.

Svelgen Omsorgssenter er eit nybygg i 3 etasjar og inneheld 48 bueiningar, inkludert fellesfunksjonar, administrasjon, base for heimesjukepleien og felles driftsfunksjonar, bl.a. storkjøkken. Av dei 48 bueiningane er det 8 omsorgsbustader. Bustadane er delt i 5 avdelingar og har felles stove og kjøkken. Det er etablert fleire små terrasser og ei stor takterrasse. På bakkeplan er det etablert ein innhaldsrik sansehage med gangvegar, pergola og vannspeil. Aktivitetsrom og uteområdet er flittig brukt både av personale og dei pårørande, som lett kan ta seg ein tur i hage eller strandpromenade.

Nordplan AS har vore leverandør til totalentreprenør Åsen & Øvrelid i detalj- og byggefase.

Sjå omtale av prosjektet i Fjordnes Tidende her 

Omsorgssenteret sett frå sørVestfløyen sett frå sansehagenFrå takterrassenUtsyn mot Keipen frå takterrassenFoaje og dministrasjonsfløyenInne frå foajeenDelar av sansehagen og vestfløyen sett frå foajeenGlimt i frå sansehagenSansehagenSjøtrappPromenade langs sjøenPromenade vidare mot RådhusetSjøpromenaden sett fra austSkulptur ved inngangspartiInngangspartiSituasjonsplan
Byggherre: Bremanger kommune
Oppdrag: Programfase, forprosjekt med totalentreprisebeskrivelse, detaljprosjekt
Fagområde: Arkitektur, landskap, konstruksjon og brannteknikk
Prosjektnr.: 14001
Stad: Svelgen
Areal: 5600m2 BTA
År: 2016

RELATERTE PROSJEKTER