Volumstudie Førde

Studiet tek for seg moglegheiter for utvikling av eit tettare bebygd Førde sentrum. Der er utgreidd fire variantar som tek utgangspunkt i eit mest mogleg urbant sentrum med gateliv, rekreasjonsareal, handel, gode lystilhøve, kollektivtransport, god tilknytting og byromskvalitetar.

Den urbane strategien er ei fortetting av sentrumsområdet. Ei styrking av Førde sentrum som sosialt og regionalt senter med karakter kan gjere Førde til ein meir interessant by i framtida- sterkare karakter kan gjere det lettare å trekke til seg næringsinteresser, utdanningsinstitusjonar, offentleg forvaltning og kulturtilbod. Utviklinga av eit tett sentrum bør vere eit ledd i ein tydeleg bystrategi.

Oppdraget er utført i samarbeid med Mestres Wåge Arquitectes.

FortettingEksempel på bebyggelseFugleperspektiv
Byggherre: Førde Kommune
Oppdrag: Forstudie til kommuneplan
Fagområde: Arkitektur
Prosjektnr.: 14100
Stad: Førde
År: 2014

RELATERTE PROSJEKTER