Ingeniør / Senioringeniør innan energi og tekniske anlegg

Vi styrkjer laget innan energiteknikk. Er du ingeniør – nyutdanna eller erfaren? Då vil vi høyre frå deg.

Kva tilbyr vi? 

I Nordplan verdset vi samarbeid og innovasjon. Du blir del av eit tverrfagleg miljø med planleggjarar, landskapsarkitektar, arkitektar og ingeniørar. Vi tilbyr eit uformelt og triveleg arbeidsmiljø, med fleksibel arbeidstid som gir god balanse mellom prosjekt og privatliv. Hos oss står du fritt til å bu der du trivst – i fjord-, fjell- eller kystlandskap, eller i byen. Du får konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, og moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Vi jobbar med mange spennande prosjekt, og vi set pris på medarbeidarar som tek ansvar og ønskjer utfordringar. Les gjerne meir om referanseprosjekta våre  her.

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning på bachelor- eller masternivå innan eitt av følgjande: VVS‑ingeniør, maskiningeniør, energi- og miljøingeniør, fornybar energi/energiteknologi, eller byggingeniør med relevant erfaring frå tekniske anlegg. (Teknisk fagskule innan VVS kan vere aktuelt for enkelte roller.)
  • Erfaring frå prosjektering av varme/kjøling/energisentralar er ein fordel (krav for senior).
  • Erfaring med eitt eller fleire av progamvarene Revit, AutoCad, Solibiri og ISY-beskrivelse.

Kva blir dine ansvarsområde?

  • Prosjektering og dimensjonering av varme-, kjøle- og energitekniske anlegg
  • Bidrag frå tidlegfase og konseptutvikling til detaljprosjektering og oppfølging under prøvedrift
  • Energiberekningar og vurdering av energieffektive og berekraftige løysingar
  • Modellering og koordinering i BIM
  • Tverrfagleg samarbeid og dialog med kundar og leverandørar
  • Økonomioppfølging i egne oppdrag og generelt marknadsarbeid i faggruppa.

Vår seksjonsleiar  Berit Irene Bergset (901 05 595) vil kunne gi deg ytterlegare informasjon om Nordplan og stillinga.

Søknadsfrist: 06.04.26  til e-post: post@nordplan.no

06.04.2026

Søknadsfrist: