Seniorrådgjevar brann og sikkerheit

Vil du jobbe i eit tverrfagleg miljø som er i utvikling, og samtidig ha friheita til å velje kvar du skal bu? Då kan Nordplan vere arbeidsplassen for deg! Vi nærmar oss 100 tilsette, og no treng vi deg som er seniorrådgjevar innan brann og sikkerheit med på laget for å utvikle framtidsretta løysingar.

Kven er vi?

I Nordplan ser vi at gode løysingar kjem når ein ser menneska bak prosjekta og omgjevnadane dei skal passe inn i. Vi er eit tverrfagleg selskap som jobbar med alle fasar av ein planprosess, eit infrastruktur- eller byggeprosjekt. Vi hjelper også til med drift og eigedomsutvikling. Her jobbar arkitektar, ingeniørar, landskapsarkitektar og planleggjarar side om side –  for vi meiner dei beste ideane blir til når vi deler kunnskap og ser moglegheiter saman. Vi trur på samarbeidet og engasjementet som oppstår når flinke folk får spele kvarandre gode.

Det er ikkje berre kva vi gjer som betyr noko for oss, men også korleis vi gjer det. For oss handlar arbeidet om meir enn det ferdige resultatet. Det handlar om å skape varige løysningar, som gjer kvardagen betre og lokalsamfunna sterkare.

Kva kan vi tilby deg?

  • Fleksibilitet til å velje arbeidsplass. Om du vil bu i Fjell-, Fjord- eller Kyst-Noreg, er opp til deg. Vil du heller jobbe frå byen, eller ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, så finn vi løysingar for det.Vi likar sjølvsagt aller best at du er innom eit av våre kontor slik at vi får ha det sosialt saman òg. Uansett kvar du vil jobbe frå finn du eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø på desse stadane: Nordfjordeid, Måløy, Stryn, Førde, Florø, Ørsta/Volda, Ålesund, Molde, Bismo, Vågåmo, Otta, Lillehammer, Kolbotn/Oslo, Bergen og Reykjavik.
  • Vi er eit selskap i vekst, så her er moglegheiter for både personleg og fagleg utvikling – spesielt med tanke på at du får eit tverrfagleg miljø og flinke folk rundt deg.
  • Arbeidstid som gir rom for balanse mellom prosjektmål og privatliv.
  • Du får vere med å skape ei framtid du kan vere stolt av. I tillegg får du jobbe med varierte og utfordrande prosjekt som du kan lese meir om på prosjekt sida.
  • Du får sjølvsagt lønn, pensjons- og forsikringsordningar.
  • Du blir ein del av eit selskap som støttar nærmiljøet ved sine respektive kontor.

Kven er du?

Vi ser for oss at du er ein fagleg engasjert person som er løysningsorientert og initiativrik. Du kommuniserer godt med kollegaer og kundar, og du ønsker å formidle eigen kunnskap. Vi ser etter personar som vil vere med å utvikle ei større RIBr-gruppe i eit miljø som omfattar nærmare 20 bygningsteknikarar, i nært samarbeid med ca. 20 arkitektar og ca. 10 energi- og miljørådgjevarar. Vidare ser vi for oss at du har følgande kvalifikasjonar:

  • Minimum 5 års relevant utdanning frå universitet eller høgskule
  • Minimum 5 års erfaring frå liknande stillingar
  • Erfaring i bruk av Revit
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og gjerne engelsk
  • Du er fagleg sterk, sjølvgåande og har inngåande og oppdatert kjennskap til lover, forskrifter og standardar.
  • Du evnar å ta avgjerder, arbeidar effektivt og strukturert på eiga hand, men set pris på å ta del i og bidra i eit tverrfagleg og triveleg fagmiljø.

Fagleg blir du ein del av seksjonen for «Byggeteknikk» i selskapet. Denne stillinga kan vere tilknytt eitt av våre mange kontor.

Kva blir dine ansvarsområde?

Stillinga krev god kompetanse innan prosjektarbeid av brannstrategiar. Variasjonen i arbeidsoppgåver er stor, og du får stor påverknad på både prosess og ferdige prosjekt. Ansvarsområdene dine vil vere:

  • Generell oppdragsleiing og brannfaglig rådgjeving
  • Stillinga kan òg omfatte fagansvar
  • Risikoanalysar, simuleringsoppgåver, brannprosjektering, beredskapsanalysar, oppfølging på byggeplass, etc.
  • Utarbeiding av brannsikkerheitstrategi/brannkonsept for både nybygg og eksisterande bygningar.
  • Dokumentere fråvik
  • Gjennomføre brannteknisk tilstandsvurderingar, samt ha god kjennskap til regelverket og tidlegare byggeforskrifter er nødvendig.

Vil du søkje?

Vart du nysgjerrig på stillinga og livet i Fjell-, Fjord- eller Kyst-Noreg? Ta kontakt med HR-ansvarleg, Ingvild Kristin Røe, på mobil 951 50 406 om du treng ytterlegare informasjon om Nordplan og stillinga.

Vi håpar å høyre frå deg! Søknad sendast til ikr@nordplan.no innan 12. oktober 2025.

Vi er Nordplan. Kva er din plan?

12.10.2025

Søknadsfrist: