Ledige stillinger

By- og arealplanleggar – Avd. Førde

Nordplan er eit rådgjevingsfirma og kompetansemiljø med over 50 medarbeidarar som arbeider innanfor fagområda Arkitektur, Landskapsarkitektur, konstruksjonsteknikk, Prosjekt- og byggeleiing, Veg- og trafikkplanlegging, VA-teknikk, Areal- og samfunnsplanlegging.

Referanseprosjekter

Vi har avdelingskontor i Ålesund, Nordfjordeid, Førde og Vågå. Denne stillinga er ledig i avdeling Førde, med kontorstad midt i sentrum.

I Førde finn du gode muligheiter for aktivt friluftsliv i flott vestlandsnatur, samtidig som du kan bu i ein attraktiv og veksande småby. Førde har eit variert arbeidsliv og aktivt handels- og næringsliv. Vi har sentralsjukehus, høgskule, og fleire statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar. I tillegg har vi eit rikt tilbod for trening, idretts- og kuturaktivitetar. Her er for tida høg byggeaktivitet og Nordplan har både arkitekt- og planoppgåver i Førde og Sunnfjordregionen.

 I Nordplan har vi fokus på å skape attraktive stadar og interessant arkitektur og design, basert på berekraft og miljø i prosjektutviklinga. Planavdelinga har spennande og varierte prosjekt, frå by- og tettstadsutvikling og reiselivsprosjekt, til større planarbeid gjennom rammeavtalar og offentlege anskaffingar. Vi legg vekt på å jobbe saman som team og du vil jobbe tett saman med andre arealplanleggarar, arkitektar og ingeniørar, og med sjølvstendige prosjekt.

Nordplan er i gang med å bli Miljøsertifisert og er også med i fleire tverrfaglege utviklingsprosjekt med samarbeidspartnerar. I samarbeid med bl.a. våre datterselskap Enøk-senteret AS og Fjordvarme AS, er vi med i eit samarbeid kalla Green Innovation Network (GIN). Nordplan ønskjer å satse vidare på denne typen kompetanseutvikling og har miljø og berekraft som eit satsingsområde for alle fag framover.

Nordplan har mange pågåande planoppgåver i Sunnfjordregionen og vi søker arealplanleggar/byplanleggar til vårt avdelingskontor i Førde. Du er landskapsarkitekt/arkitekt eller har anna planfagleg kompetanse. Vi er rådgjevarar både på små og store oppgåver og arbeidet er difor variert og utviklande.

AREAL Gravdalsholten 3D- bilde frå nord.jpg

Gravdalsholten bustadområdet, Førde

Aktuelle arbeidsoppgåver for stillinga:

  • Mulighetsstudier og konseptutvikling innan dei fleste oppdragsområde
  • Visualisering/3D-modellering
  • Planprogram, planomtale, KU, konstruksjon reguleringsplan med sosi-kontroll
  • By- og tettstadsutvikling, stadanalyser
  • Prosjektleiing og fagansvarleg  

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor/Master i landskapsplanlegging/byplanlegging/landskapsarkitektur
  • Min. 3 års planerfaring
  • Erfaring med kartprogram/visualiering. Nordplan nyttar følgjande programvare: AutoCad, Civil 3D, Focus Areaplan, Infraworks, Adobe o.l.
  • God kunnskap i norsk - skriftleg og muntleg
  • Fagleg engasjert og interesse for by- og tettstadsutvikling

Personlege eigenskapar:

  • Engasjert, fagleg initiativrik og ansvarsbevisst
  • Gode samarbeidsevner og ein dyktig lagspelar
  • Løysingsorientert og god heilskapsforståing
  • Evne til å ta beslutningar og arbeide effektivt og strukturert

 Nordplan tilbyr eit fagleg interessant miljø med dyktige og hyggelege kollegaer. For den rette kandidaten vil Nordplan gi store utviklingsmuligheiter innanfor eit tverrfagleg arbeidsområde. Vi tilbyr konkurransedyktig lønn, gode pensjons- og forsikringsordningar og fleksibel arbeidstid.

 Om du lurer på noko ta kontakt med:

  •  dagleg leiar Arne Steinsvik, mob. 917 02 150
  • Avdelingsleiar Grete Marøy Sellevoll, mob. 95082925

Søknad med CV og referansar sendast post@nordplan.no innan 1.mars 2021