Har du lyst å leia ei sterk og konkurransedyktig plangruppe?
Nordplan AS er eit tverrfagleg rådgjevingsmiljø med over 100 medarbeidarar, fordelt på kontor i Ålesund, Ørsta, Måløy, Nordfjordeid, Stryn, Førde, Bergen, Stord, Vågå, Lillehammer og Oslo. Lokal forankring og kundenettverk er sjølve grunnstamma i Nordplan sin strategi – vi kjenner staden og folket der vi er.
Areal- og samfunnsplanfaget i Nordplan har lang historikk og ei sterk forankring i organisasjonen. Det er over tid bygd eit godt fagmiljø fordelt på dei ulike kontora våre. Vi har høg aktivitet og mange spanande prosjekt som spenner mellom by- og tettstadsutvikling, reiseliv, bustad og industri til overordna areal- og samfunnsplanlegging. I Nordplan vil ein arbeide tett med arealplanleggarar, arkitektar, landskapsarkitektar og ingeniørar i eit integrert og tverrfagleg miljø.
Vi treng deg som ønskjer å leia den vidare satsinga innan planfaget, og søkjer no fagleiar for våre 19 dyktige planleggjarar.
Vi ser etter deg som:
I Nordplan skal du:
Nordplan tilbyr eit fagleg interessant miljø med dyktige og hyggelege kollegaer.
Vi er rådgjevarar både på små og store oppgåver, og arbeidet er difor variert og utviklande.
Vi tilbyr konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, samt fleksibel arbeidstid. Arbeidsstad kan tilpassast den aktuelle kandidaten.
Om du treng meir informasjon om stillinga, ta kontakt med:
Seksjonsleiar Plan, infrastruktur og landskap;
Karoline Eldøy, tlf. 906 61 631, e-post ke@nordplan.no
Søknad med CV og referansar sendast til ikr@nordplan.no innan 14.08.2026