Ledige stillinger

PROSJEKTLEIAR/BYGGELEIAR

Nordplan AS har spennande prosjekt i Sunnfjord-regionen, og søkjer difor etter prosjekt- og byggeleiar til sitt kontor i Førde.

Byen Førde er senter i Sunnfjord kommune med 22.000 innbyggjarar, og har eit rikt næringsliv og godt utbygde servicefunksjonar som sentralsjukehus, høgskule og nasjonale- og fylkeskommunale administrasjonsfunksjonar.

Vi søkjer etter ein person som

· Har erfaring frå byggebransjen

· Har erfaring med bruk av moderne prosjektmetodar og verktøy

· Er motivert for å utvikle seg vidare som prosjektleiar

· Har utdanning på bachelor/masternivå eller har fagbrev/teknisk fagskule med lang erfaring

· Kommuniserer godt i eit prosjektmiljø

· Kan formulere seg godt skriftleg

Dine arbeidsoppgåver vil blant anna vera

· Oppgåver innan prosjektadministrasjon, prosjektleiing og byggeleiing

· Jobbe aktivt i byggeprosjekt frå skisse til ferdig bygg (prosessleiing)

· Utarbeide anbudsgrunnlag og kalkyle

Hjå oss får du:

· Moglegheitene til å bygge opp din kompetanse

· Gode moglegheiter til eigenutvikling gjennom prosjekt

· I stor grad påverke eigne arbeidsoppgåver og prosjekt

· Interne kompetansenettverk med samarbeid på tvers av kontor og fagfelt

· Fleksibel arbeidstid

· Konkurransedyktige vilkår

· Bonus knytt til resultatrekneskap

Send inn søknad, CV og attestar. Kontakt avdelingsleiar Grete Marøy Sellevoll dersom du har spørsmål: gms@nordplan.no, tlf.nr. 95082925