Rådgjevande Ingeniør SØK

Kva tilbyr vi? 

I Nordplan verdset vi samarbeid og innovasjon. Du blir del av eit tverrfagleg miljø med planleggjarar, landskapsarkitektar, arkitektar og ingeniørar. Vi tilbyr eit uformelt og triveleg arbeidsmiljø, med fleksibel arbeidstid som gir god balanse mellom prosjekt og privatliv. Hos oss står du fritt til å bu der du trivst – i fjord-, fjell- eller kystlandskap, eller i byen. Du får konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, og moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Vi jobbar med mange spennande prosjekt, og vi set pris på medarbeidarar som tek ansvar og ønskjer utfordringar. Les gjerne meir om referanseprosjekta våre  her

Kvalifikasjonar

Vi ser etter personar som vil vere med å utvikle kompetansen innan byggesak, i nært samarbeid Nordplans andre fagmiljø.. Vidare ser vi for oss at du har følgande kvalifikasjonar:

  • Bachelor / Master i areal- og eigedom, ingeniørfag, arkitekt, juss e.l.
  • Erfaring som ansvarleg søkjar eller erfaring innan byggesaksbehandling eller eigedomsrådgjeving.
  • God kjennskap til plan- og bygningsloven, SAK10 og TEK17
  • Strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Kva blir dine ansvarsområde?

Vere bindeleddet mellom tiltakshavar, fagansvarlege og kommunen.

  • koordinere byggesøknaden
  • sikre komplett dokumentasjon
  • utforme dispensasjonssøknader
  • handtere dialogen med kommunar og andre myndigheiter og sørgjer for at prosjektet følger gjeldande regelverk.
  • Halde oversikt over framdrift, ansvarsrettar og nødvendige løyver – og bidreg til at prosjektet kjem trygt gjennom heile søknadsprosessen.

Vår fagleiar SØK Marius Lykre (997 02 005) vil kunne gje deg ytterlegare informasjon om Nordplan og stillinga.

Søknadsfrist: 20.03.26  til e-post: post@nordplan.no

06.04.2026

Søknadsfrist: