Vil du leie eit tverrfagleg miljø innan bygg, plan og anlegg på Vestlandet? Nordplan er i stor vekst, med fleire nye prosjekt, kundar og flinke folk på laget. No treng vi deg som regionsleiar for å løfte både folka, kontora og kundane våre vidare. Regionen omfattar dei tidlegare fylka Sogn og Fjordane og Hordaland.
I Nordplan ser vi at gode løysingar kjem når ein ser menneska bak prosjekta og omgjevnadane dei skal passe inn i. Vi er eit tverrfagleg selskap som jobbar med alle fasar av ein planprosess, eit infrastruktur- eller byggeprosjekt. Vi hjelper også til med drift og eigedomsutvikling. Her jobbar arkitektar, ingeniørar, landskapsarkitektar og planleggjarar side om side – for vi meiner dei beste ideane blir til når vi deler kunnskap og ser moglegheiter saman. Vi trur på samarbeidet og engasjementet som oppstår når flinke folk får spele kvarandre gode.
Det er ikkje berre kva vi gjer som betyr noko for oss, men også korleis vi gjer det. For oss handlar arbeidet om meir enn det ferdige resultatet. Det handlar om å skape varige løysningar, som gjer kvardagen betre og lokalsamfunna sterkare.
Vi ser etter deg som både har strategisk blikk og er tett på kvardagen. Du er tydeleg, løysingsorientert og evnar å skape engasjement rundt deg.
Du kommuniserer godt med både kollegaer og kundar, og du likar å bygge relasjonar som varer. Du trivst med personalansvar, samstundes som du bidreg fagleg i prosjekt. Vi ser etter deg som vil vidareutvikle Nordplan på Vestlandet, og som motiverast av å bygge lag, utvikle talent og vere eit synleg ansikt for selskapet i regionen. Vidare ser vi for oss at du har følgande kvalifikasjonar:
Som regionsleiar blir du ein nøkkelperson i Nordplan. Du vil leie og utvikle regionen i tett samarbeid med kollegaene dine, samtidig som du har ansvar for å sikre gode resultat. Region Vestland har kontor på Nordfjordeid, Måløy, Stryn, Førde, Florø og Bergen. Det kan vere praktisk for stillinga med kontorstad i ein av byane Førde eller Florø, sidan Sunnfjord er det geografiske midtpunktet for regionen. Du vil ha følgande ansvarsområde:
Vart du nysgjerrig på stillinga? Send søknad eller ta kontakt med dagleg leiar, Bjørn Myklebust, på mobil 906 22 758 eller bm@nordplan.no for meir informasjon. Søknadsfrist er 12. oktober.
Vi er Nordplan. Kva er din plan?