Vil du leie og utvikle eit sterkt fagmiljø innan bygg og eigedom? Nordplan er i stor vekst, og vi treng ein seksjonsleiar for bygg og eigedom som kan løfte både folka, prosjekta og kundane våre vidare.
I Nordplan ser vi at gode løysingar kjem når ein ser menneska bak prosjekta og omgjevnadane dei skal passe inn i. Vi er eit tverrfagleg selskap som jobbar med alle fasar av ein planprosess, eit infrastruktur- eller byggeprosjekt. Vi hjelper også til med drift og eigedomsutvikling. Her jobbar arkitektar, ingeniørar, landskapsarkitektar og planleggjarar side om side – for vi meiner dei beste ideane blir til når vi deler kunnskap og ser moglegheiter saman. Vi trur på samarbeidet og engasjementet som oppstår når flinke folk får spele kvarandre gode.
Det er ikkje berre kva vi gjer som betyr noko for oss, men korleis vi gjer det. For oss handlar arbeidet om meir enn det ferdige resultatet. Det handlar om å skape varige løysningar, som gjer kvardagen betre og lokalsamfunna sterkare.
Vi ser etter deg som både har strategisk blikk og er tett på kvardagen. Du er tydeleg, løysingsorientert og evnar å skape engasjement rundt deg.
Du kommuniserer godt med både kollegaer og kundar, og du likar å bygge relasjonar som varer. Å utvikle din fagseksjon og folk er noko du trivst med, og som motiverer deg. Som fagansvarleg er du oppdatert på lover, forskrifter og standardar, og du blir eit synleg ansikt for seksjonen, både internt og ut i marknaden. Vidare ser vi for oss at du har følgande kvalifikasjonar:
Nordplan sine fagseksjonar er nasjonale forretningsområde. Som seksjonsleiar får du ansvar for å leie og utvikle fagområdet Bygg og Eigedom. Du vil ha ansvar for prosjekterande kollegaer innan konstruksjonsteknikk, brannkonseptutvikling, bygningsfysikk og geoteknikk. Du rapporterer til dagleg leiar og blir ein del av både leiargruppa og marknadsteamet. I Nordplan samhandlar vi om å løyse oppgåvene på tvers av seksjonar og regionar. Ansvarsområda dine vil mellom anna omfatte:
Denne stillinga kan vere tilknytt eitt av våre mange kontor.
Vart du nysgjerrig på stillinga? Send søknad eller ta kontakt med dagleg leiar, Bjørn Myklebust, på mobil 906 22 758 eller bm@nordplan.no for meir informasjon.
Send søknad til bm@nordplan.no innan 12. oktober 2025. Vi håpar å høyre frå deg!
Vi er Nordplan. Kva er din plan?