Vil du jobbe i eit tverrfagleg miljø som er i utvikling, og samtidig ha friheita til å velje kvar du skal bu? Då kan Nordplan vere arbeidsplassen for deg! Vi nærmar oss 100 tilsette, og no treng vi deg som er seniorrådgjevar innan brann og sikkerheit med på laget for å utvikle framtidsretta løysingar.
I Nordplan ser vi at gode løysingar kjem når ein ser menneska bak prosjekta og omgjevnadane dei skal passe inn i. Vi er eit tverrfagleg selskap som jobbar med alle fasar av ein planprosess, eit infrastruktur- eller byggeprosjekt. Vi hjelper også til med drift og eigedomsutvikling. Her jobbar arkitektar, ingeniørar, landskapsarkitektar og planleggjarar side om side – for vi meiner dei beste ideane blir til når vi deler kunnskap og ser moglegheiter saman. Vi trur på samarbeidet og engasjementet som oppstår når flinke folk får spele kvarandre gode.
Det er ikkje berre kva vi gjer som betyr noko for oss, men også korleis vi gjer det. For oss handlar arbeidet om meir enn det ferdige resultatet. Det handlar om å skape varige løysningar, som gjer kvardagen betre og lokalsamfunna sterkare.
Vi ser for oss at du er ein fagleg engasjert person som er løysningsorientert og initiativrik. Du kommuniserer godt med kollegaer og kundar, og du ønsker å formidle eigen kunnskap. Vi ser etter personar som vil vere med å utvikle ei større RIBr-gruppe i eit miljø som omfattar nærmare 20 bygningsteknikarar, i nært samarbeid med ca. 20 arkitektar og ca. 10 energi- og miljørådgjevarar. Vidare ser vi for oss at du har følgande kvalifikasjonar:
Fagleg blir du ein del av seksjonen for «Byggeteknikk» i selskapet. Denne stillinga kan vere tilknytt eitt av våre mange kontor.
Stillinga krev god kompetanse innan prosjektarbeid av brannstrategiar. Variasjonen i arbeidsoppgåver er stor, og du får stor påverknad på både prosess og ferdige prosjekt. Ansvarsområdene dine vil vere:
Vart du nysgjerrig på stillinga og livet i Fjell-, Fjord- eller Kyst-Noreg? Ta kontakt med HR-ansvarleg, Ingvild Kristin Røe, på mobil 951 50 406 om du treng ytterlegare informasjon om Nordplan og stillinga.
Vi håpar å høyre frå deg! Søknad sendast til ikr@nordplan.no innan 12. oktober 2025.
Vi er Nordplan. Kva er din plan?