Rådgjevar Brann og Sikkerheit

Kva tilbyr vi? 

I Nordplan verdset vi samarbeid og innovasjon. Du blir del av eit tverrfagleg miljø med planleggjarar, landskapsarkitektar, arkitektar og ingeniørar. Vi tilbyr eit uformelt og triveleg arbeidsmiljø, med fleksibel arbeidstid som gir god balanse mellom prosjekt og privatliv. Hos oss står du fritt til å bu der du trivst – i fjord-, fjell- eller kystlandskap, eller i byen. Du får konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, og moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Vi jobbar med mange spennande prosjekt, og vi set pris på medarbeidarar som tek ansvar og ønskjer utfordringar. Les gjerne meir om referanseprosjekta våre  her.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter personar som vil vere med å utvikle ei større RIBr-gruppe i eit miljø som omfattar nærmare 20 bygningsteknikarar, i nært samarbeid med ca. 20 arkitektar og ca. 10 energi- og miljørådgjevarar.

Du er branningeniør, nyutdanna eller med nokre års erfaring i faget.

Arbeidsoppgåvene vil primært vere utarbeiding av brannsikkerheitstrategi, altså brannkonsept, for både nybygg og eksisterande bygningar. Dette omfattar også god kjennskap til fråviksdokumentasjon. I tillegg ser vi at brannteknisk tilstandsvurderingar blir meir ein del av arbeidsdagen. God kjennskap til tidlegare byggeforskrifter er ønskeleg. Variasjonen i arbeidsoppgåver er stor, og du får stor påverknad på både prosess og ferdige prosjekt. Nordplan gir store utviklingsmoglegheiter for medarbeidarar som ynskjer og evner.

Vidare ser vi for oss at du har følgande kvalifikasjonar:

  • Minimum 5 års relevant utdanning frå universitet eller høgskule
  • Erfaring i bruk av Revit
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og gjerne engelsk

Kva blir dine ansvarsområder?

  • Brann-fagleg rådgjeving
  • Risikoanalysar, simuleringsoppgåver, brannprosjektering, tilstandsvurderingar, beredskapsanalysar, oppfølging på byggeplass, etc.

Vår seksjonsleiar Trond Rindal ( 940 12 889) vil kunne gi deg ytterlegare informasjon om Nordplan og stillinga.

Søknadsfrist: 20.03.26  til e-post: post@nordplan.no

06.04.2026

Søknadsfrist: