Ledige stillinger

Sivilarkitekt/Master i Arkitektur

Nordplan er eit rådgjevingsfirma og kompetansemiljø med over 50 medarbeidarar som arbeider innanfor fagområda Arkitektur, Landskapsarkitektur, konstruksjonsteknikk, Prosjekt- og byggeleiing, Veg- og trafikkplanlegging, VA-teknikk, Areal- og samfunnsplanlegging.

Referanseprosjekter

Vi har avdelingskontor i Ålesund, Nordfjordeid, Førde og Vågå, i tillegg satellittkontor i Ørsta, Stryn, Måløy. Her finn du gode muligheiter for aktivt friluftsliv i flott vestlandsnatur eller Jotunheimen, samtidig som du kan bu i attraktive og veksande tettstadar og småbyar.

Alle avdelingskontor/satellittkontor er aktuelle som kontorstad for denne stillinga.

I Nordplan har vi fokus på å skape attraktive stadar og interessant arkitektur og design, basert på berekraft og miljø i prosjektutviklinga. Arkitektavdelinga har spennande og varierte prosjekt, frå reiselivsprosjekt, massivtreprosjekt og større utbyggingsprosjekt gjennom rammeavtalar med fleire kommunar og helseforetak på Vestlandet. Vi legg stor vekt på å jobbe saman som team og du vil jobbe tett saman med ingeniørar, landskapsarkitektar og arealplanleggarar, men også med sjølvstendige prosjekt.

Nordplan er i gang med å bli Miljøsertifisert og er også med i fleire tverrfaglege utviklingsprosjekt med samarbeidspartnerar. I samarbeid med bl.a. våre datterselskap Enøk-senteret AS og Fjordvarme AS, er vi med i eit samarbeid kalla Green Innovation Network (GIN).

Nordplan har mange pågåande prosjekt og arkitektavdelinga søker erfaren sivilarkitekt/Master i Arkitektur, med god kompetanse innan arkitekturprosjektering og gjennomføring av prosjekt. 

ARK Sagastad.jpg

Sagastad kunnskapssenter, Nordfjordeid

 Aktuelle arbeidsoppgåver for stillinga:

  • Mulighetsstudier og konseptutvikling innan dei fleste oppdragsområde
  • Visualisering
  • Detaljprosjektering og anbudsbeskrivelsar
  • Prosjektleiing og fagansvarleg arkitekt  

Kvalifikasjonar:

  • Master i arkitektur/sivilarkitekt
  • Min. 5 års prosjekteringserfaring
  • Erfaring med BIM-prosjektering Revit, Adobe
  • God kunnskap i norsk - skriftleg og muntleg
  • Interesse og kunnskap om prosessen frå arkitektidè til ferdig bygg

 Personlege eigenskapar:

  • Engasjert, fagleg initiativrik og ansvarsbevisst
  • Gode samarbeidsevner og ein dyktig lagspelar
  • Løysingsorientert og god heilskapsforståing
  • Evne til å ta beslutningar og arbeide effektivt og strukturert

 Nordplan tilbyr eit fagleg interessant miljø med dyktige og hyggelege kollegaer. For den rette kandidaten vil Nordplan gi store utviklingsmuligheiter innanfor eit tverrfagleg arbeidsområde. Vi tilbyr konkurransedyktig lønn, gode pensjons- og forsikringsordningar og fleksibel arbeidstid.

 Om du lurer på noko ta kontakt med:

  •  dagleg leiar Arne Steinsvik, mob. 917 02 150

Søknad med CV og referansar sendast post@nordplan.no innan 1.mars 2021