Ledige stillinger

Sivilingeniør bygg

Nordplan er eit rådgjevingsfirma og kompetansemiljø med over 50 medarbeidarar som arbeider innanfor fagområda Arkitektur, Landskapsarkitektur, konstruksjonsteknikk, Prosjekt- og byggeleiing, Veg- og trafikkplanlegging, VA-teknikk, Areal- og samfunnsplanlegging.

Referanseprosjekter

Vi har avdelingskontor i Ålesund, Nordfjordeid, Førde og Vågå, i tillegg satellittkontor i Ørsta, Stryn, Måløy. Alle avdelingskontor/satellittkontor er aktuelle som kontorstad for denne stillinga. Her finn du gode muligheiter for aktivt friluftsliv i flott vestlandsnatur eller Jotunheimen, samtidig som du kan bu i attraktive og veksande tettstadar og småbyar.

I Nordplan har vi fokus på å skape attraktive stadar og interessant arkitektur og design, basert på berekraft og miljø i prosjektutviklinga. Avdeling for bygg og konstruksjon har hatt mange spennande prosjekt; bl.a. gondolbane Loen Skylift og Romsdalsgondolen, som opnar våren 2021, Reiselivsmuseet i Balestrand og visningssenteret Sagastad på Nordfjordeid. Vi legg stor vekt på å jobbe saman som team og du vil jobbe tett saman med arkitektar, landskapsarkitektar og arealplanleggarar, men også med sjølvstendige prosjekt.

Nordplan er i gang med å bli Miljøsertifisert og er også med i fleire tverrfaglege utviklingsprosjekt med samarbeidspartnerar. I samarbeid med bl.a. våre datterselskap Enøk-senteret AS og Fjordvarme AS, er vi med i eit samarbeid kalla Green Innovation Network (GIN). GIN er eit nettverk av bedrifter som i fellesskap skal tilby tverrfagleg kompetanse relatert til grøne løysingar til eksisterande og nye kundar nasjonalt og internasjonalt. Nordplan ønskjer å satse vidare på denne typen kompetanseutvikling og det vil difor vere eit stort pluss om du har erfaring med prosjektstyringsverktøy og/eller kvalitetssikringsverktøy der berekraft og miljø har vore i fokus.

Nordplan har mange pågåande prosjekt og avdeling for bygg og konstruksjon søker erfaren sivilingeniør/Master byggeteknikk/konstruksjon, med god kompetanse innan byggteknisk prosjektering. 

RIB Loen Skylift.jpg

Loen Skylift

Aktuelle arbeidsoppgåver for stillinga:

  • Konstruksjonsprinsipp, prosjektering og dimensjonering berande konstruksjonar
  • Utarbeide statiske modellar/utrekningar inklusiv jordskjelvlaster
  • Koordineringsansvar mot andre prosjekteringsfag og utførande entreprenørar
  • Bygningstekniske detaljar/bygningsfysikk
  • Anbudsbeskrivelser og kontraktsgrunnlag
  • Fagutvikling berekraft og miljø

 Kvalifikasjonar:

  • Master/sivilingeniør konstruksjon eller anna relevant utdanning
  • Min. 5 års prosjekteringserfaring
  • Erfaring med programvarer som Autodesk Revit og programvarer som ISY Design og teknikk, Ove Sletten programserien, Autodesk Robot Structural eller tilsvarande
  • God kunnskap i norsk skriftleg og muntleg
  • Interesse og kunnskap om prosessen frå arkitektidè til ferdig bygg

 Personlege eigenskapar:

  • Engasjert, fagleg initiativrik og ansvarsbevisst
  • Gode samarbeidsevner og ein dyktig lagspelar
  • Løysingsorientert og god heilskapsforståing
  • Evne til å ta beslutningar og arbeide effektivt og strukturert

 Nordplan tilbyr eit fagleg interessant miljø med dyktige og hyggelege kollegaer. For den rette kandidaten vil Nordplan gi store utviklingsmuligheiter innanfor eit tverrfagleg arbeidsområde. Vi tilbyr konkurransedyktig lønn, gode pensjons- og forsikringsordningar og fleksibel arbeidstid.

Om du lurer på noko ta kontakt med:

  •  dagleg leiar Arne Steinsvik, mob. 917 02 150

Søknad med CV og referansar sendast post@nordplan.no innan 1.mars 2021