Ledige stillinger

Vegplanleggar

Nordplan er eit rådgjevingsfirma og kompetansemiljø med over 50 medarbeidarar som arbeider innanfor fagområda Arkitektur, Landskapsarkitektur, konstruksjonsteknikk, Prosjekt- og byggeleiing, Veg- og trafikkplanlegging, VA-teknikk, Areal- og samfunnsplanlegging.

Referanseprosjekter

Vi har avdelingskontor i Ålesund, Nordfjordeid, Førde og Vågå, i tillegg satellittkontor i Ørsta, Stryn, Måløy. Her finn du gode muligheiter for aktivt friluftsliv i flott vestlandsnatur eller Jotunheimen, samtidig som du kan bu i attraktive og veksande tettstadar eller småbyar.

Alle avdelingskontor/satellittkontor er aktuelle som kontorstad for denne stillinga.

I Nordplan har vi fokus på å skape attraktive stadar og interessant arkitektur og design, basert på berekraft og miljø i prosjektutviklinga. Avdeling for Plan og infrastruktur har spennande og varierte oppdrag med regulering av store og kompliserte kryss, byggeplanar av kommunale og statlege vegsystem, gang- og sykkelvegar og veganlegg i bustad- og næringsområde.

Vi legg vekt på å jobbe saman som team og du vil jobbe tett saman med arkitektar, landskapsarkitektar, ingeniørar og arealplanleggarar, og med sjølvstendige prosjekt.

Nordplan er i gang med å bli Miljøsertifisert og er også med i fleire tverrfaglege utviklingsprosjekt med samarbeidspartnerar. I samarbeid med bl.a. våre datterselskap Enøk-senteret AS og Fjordvarme AS, er vi med i eit samarbeid kalla Green Innovation Network (GIN). Nordplan ønskjer å satse vidare på denne typen kompetanseutvikling og har miljø og berekraft som eit satsingsområde for alle fag framover.

Nordplan har mange pågåande prosjekt og avdeling for Plan og Infrastruktur søker erfaren Ingeniør/vegplanleggar med god kompetanse innan det vegtekniske faget og erfaring med Statens vegvesen sine håndbøker (spesielt N100 og N200).

VEG Forprosjekt vegløysing Fv55 - Esefjorden.jpg

Forprosjekt vegløysing Fv55 - Esefjorden

Aktuelle arbeidsoppgåver for stillinga:

  • Byggeplanar
  • Detaljprosjektering og anbudsbeskrivelsar
  • Prosjektleiing og fagansvarleg  

 Kvalifikasjonar:

  • Bachelor/Master innan vegplanlegging
  • Min. 3 års prosjekteringserfaring
  • Erfaring med prosjekteringsverktøy som Novapoint og AutoCad, Focus o.l.
  • God kunnskap i norsk - skriftleg og muntleg
  • Interesse og kunnskap om prosessen frå konseptskisse til ferdig bygd

 Personlege eigenskapar:

  • Engasjert, fagleg initiativrik og ansvarsbevisst
  • Gode samarbeidsevner og ein dyktig lagspelar
  • Løysingsorientert og god heilskapsforståing
  • Evne til å ta beslutningar og arbeide effektivt og strukturert

 Nordplan tilbyr eit fagleg interessant miljø med dyktige og hyggelege kollegaer. For den rette kandidaten vil Nordplan gi store utviklingsmuligheiter innanfor eit tverrfagleg arbeidsområde. Vi tilbyr konkurransedyktig lønn, gode pensjons- og forsikringsordningar og fleksibel arbeidstid.

Om du lurer på noko ta kontakt med:

  •  dagleg leiar Arne Steinsvik, mob. 917 02 150

Søknad med CV og referansar sendast post@nordplan.no innan 1.mars 2021