Detaljregulering for Brimi Fjellstugu (157/1/28)

Plan-ID: 34340017, Lom kommune

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt om oppstart av detaljregulering for Brimi Fjellstugu (157/1/28) i Lom kommune. Plan-ID: 34340017.

Planområdet ligg på nordsida av innsjøen Tesse i Lom kommune, om lag 880 moh. Brimi Fjellstugu ligg på festetomt (fnr. 28) i Vårdalen statsallmenning (gbnr. 157/1). Planområdet er om lag 41,5 daa stort og omfattar festetomta til Brimi Fjellstugu AS samt delar av eigedomen gnr./bnr. 157/1.

Planområdet er omfatta av kommuneplanen sin arealdel for Lom 2022-2030. Området er ikkje tidlegare regulert. Den føreslåtte planavgrensinga følgjer hovudsakleg areal avsett til fritids- og turistføremål, vegføremål og tilgrensande areal som er nødvendige for ei heilskapleg planlegging av området.

Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for vidare utvikling av Brimi Fjellstugu som reiselivsverksemd, tilpassa noverande og framtidig drift. Planen skal gje grunnlag for nye bygningstiltak, utvikling av utomhusareal og etablering av løysingar for parkering, varelevering og intern trafikkavvikling. Planarbeidet vil leggje vekt på ei funksjonell og berekraftig utvikling av anlegget, tilpassa landskapet og omgjevnadene.

Planarbeidet er i ein tidleg fase, og det ligg enno ikkje føre eit ferdig planforslag. Det er utarbeidd ei førebels illustrasjonsskisse som viser moglege tiltak innanfor planområdet. Endeleg utforming og omfang av tiltaka vil bli avklart gjennom den vidare planprosessen.

Konsekvensutgreiing

På bakgrunn av vurderingar i oppstartsmøtet med Lom kommune er det konkludert med at planarbeidet ikkje utløyser krav om planprogram eller konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova §§ 4-1 og 4-2. Relevante tema vil likevel bli vurderte og utgreidde som del av planarbeidet.

Merknader

Eventuelle merknader til planarbeidet skal sendast skriftleg til:

Nordplan AS, Rosenholmveien 25, 1414 Trollåsen

Eller e-post: lk@nordplan.no

Frist for innspel: 11.09.2026