Angedalsvegen 6

I Angedalsvegen 6 er det lagt til rette for at ein kan bu sosialt, og godt naboskap er viktig for bu-kvaliteten. I bygget er det lagt opp til to fellesrom, desse kan nyttast til fellesaktivitetar og leigast når ein treng meir plass. På taket er det kolonihagar og felles terrasse.

Bygget er bygd opp av tre lamellar med sentralt trapperom, dette gjev store fasadeflater i bustadane og moglegheit for lyse leilegheiter. Det er 35 stk 3-5-roms leilegheiter, samt næringsareal på grunnplan mot Angedalsvegen. Bustadane er tilgjengelege og framtidsretta. Trapperommet med heis er av glas og lettar fasaden mot vegen og gjev utsikt til elva. Hagen vert opparbeid med fleire mindre sosiale soner, trapp og rampe ned mot elva.

Bygget koplar seg på den nye bystrukturen i Førde. Prosjektet vert eit effektivt og sympatisk bidrag i bybildet både arkitektonisk og med omsyn til bumiljø. 

Illustrasjon frå AngedalsvegenPå taket kan ein etablere felles takterasse med kolonihageOmrådet ligg like ved Jølstra og parkområdet i Førde sentrum
Byggherre: Gravdal Prosjektutvikling AS
Oppdrag: Skisseprosjekt
Fagområde: Arkitektur og landskapsarkitektur
Prosjektnr.: 18352
Stad: Førde sentrum
År: 2018

RELATERTE PROSJEKTER