Gangbru Sogndalselvi - «Mingling i osen»

Hausten 2018 utlyste Sogndal kommune designkonkurranse for ny gang- og sykkelvegbru over Sogndalselvi. Denne vil bli ein del av Fjordstien i det same området.

Ilag med Arkitektfirmaet Stiv Kuling i Sogndal vann vi denne konkurransen – der var totalt tre innleverte forslag.  I juryen sin uttale heiter det m.o.a: Brua er på mange måtar nyskapande, og utfordrar meir tradisjonelle haldningar til korleis ei bru skal sjå ut. Brua vil vere med på å løfte fjordstiprosjektet som identitetsskapar.

Brua ligg heilt lengst framme i elveosen og har 4 spenn på 18m som er vinkla ulikt i høve til kvarandre. Mellom kvart spenn er der utvidingar i form av plattformer med ø=5m der det er sett av plass til opphald. Ute i elva blir der etablert kjegleforma pilarar av betong som er innspent i 13 m. nedramma stålpelar i elvebotn, sjølve bruspenna er konstruert av prefabrikerte limtrebjelkar som er limt saman på fabrikk og dermed utgjer eit avtrappa tverrsnitt i massivtre. Brudekke av Acoya plank og rekkverk i corten stål m. rustfri handlist på toppen. 

IllustrasjonIllustrasjonSituasjonsplanSnittPel pilar og plattform
Byggherre: Sogndal kommune
Oppdrag: Prosjektering bygge- og anleggsteknikk - konstruksjonsdesign
Fagområde: Byggeteknikk
Prosjektnr.: 18268
Stad: Sogndal
År: 2018-2019

RELATERTE PROSJEKTER