Oppstart av planarbeid Detaljregulering for del av gnr/bnr 38/50 i Gjeisarøye, Lom kommune

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt om oppstart av detaljregulering for del av gnr./bnr. 38/50 i Gjeisarøye, Lom kommune. Plan-ID: 34340016.

Planområdet er om lag 3,7 daa og ligg nordaust for Fossbergom, om lag 1 km frå sentrum langs fv. 2640 (Liavegen). Området er ubebygd og vert nytta som open fastmark i dag. Planavgrensinga tek utgangspunkt i eigedomsgrensa og naudsynt areal for tilkomst og frisiktsoner.

Gjeldande reguleringsplan for Prestøya/Gjeisarøya (PlanID 05140006) vil bli erstatta for dei delane av området som vert omfatta av ny plan.

Formålet med reguleringsplanen er å legge til rette for kombinert arealbruk med næringsverksemd (lett industri og kontor) og bustader. Det skal òg leggast til rette for tilkomst, parkering, gangløysingar og uteopphaldsareal. Planarbeidet vil særleg vektlegge tilpassing til omgjevnadene, gode bumiljøkvalitetar og omsyn til støy, tryggleik og miljø.

Bustadformålet avvik frå overordna plan, og vil vere eit sentralt tema i planprosessen. Det skal vurderast avbøtande tiltak knytt til nærleik til trafostasjon, mellom anna med omsyn til støy, elektromagnetisk stråling og tryggleik.

Konsekvensutgreiing

På bakgrunn av vurderingar i oppstartsmøtet, er det konkludert med at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing etter forskrift om konsekvensutgreiingar. Relevante tema vil likevel bli utgreidde som del av planarbeidet.

Merknader

Eventuelle merknader til planarbeidet skal sendast skriftleg til:

Nordplan AS, Rosenholmveien 25, 1414 Trollåsen Eller e-post: lk@nordplan.no

Frist for innspel: 18.06.2026

Varslingsbrev

Plangrense

Planinitiativ

Oppstartsmøte