PRESSEMELDING

Nordplan styrkar posisjonen på Vestlandet gjennom strategisk samarbeid i Sunnhordland

Nordplan AS har inngått strategisk samarbeid med ABO Plan og Arkitektur Stord AS, med verknad frå 1. mars 2026. Som ein del av samarbeidet endrar verksemda namn til Nordplan Stord AS, og selskapa integrerer drift og marknadsprofil.

Samarbeidet markerer eit viktig steg i Nordplan sin langsiktige strategi om å byggje robuste, tverrfaglege kompetansemiljø med sterk lokal forankring. Gjennom å samle fagkompetanse, kapasitet og lokal innsikt står Nordplan betre rusta til å møte ei stadig meir kompleks og krevjande plan- og byggjebransje.

Nordplan og ABO Plan og Arkitektur har samarbeidd i fleire prosjekt over tid, og har sett at selskapa utfyller kvarandre særleg godt innan plan, landskap og infrastruktur. Med det nye samarbeidet blir dette formalisert og vidareutvikla.

Eit styrkt fagmiljø med lokal forankring

Gjennom samarbeidet samlar Nordplan no i overkant av 100 medarbeidarar i eitt felles fagmiljø, og ei styrkt faggruppe med meir enn 30 konsulentar innan plan, landskap og infrastruktur. Kontornettverket omfattar no 11 kontor på Vestlandet og Austlandet, frå Ålesund til Oslo.

ABO Plan og Arkitektur Stord AS har 15 tilsette og held til i Leirvik. Selskapet har ein leiande posisjon i Sunnhordland og har i tillegg opparbeidd seg sterk nasjonal kompetanse innan regional og overordna planlegging. Denne kompetansen blir no ein integrert del av Nordplan sitt samla fagmiljø.

Både Nordplan og ABO legg vekt på at lokal forankring er avgjerande i plan- og utbyggingsprosessar. Kjennskap til kommunar, lokalt næringsliv og regionale forhold, kombinert med brei fagleg kapasitet, gir betre føresetnader for å levere gode løysingar i både små og store prosjekt.

Betre rusta for framtida

Samarbeidet kjem i ei tid der bygg- og anleggsbransjen er prega av høg kompleksitet, skjerpa krav og eit meir krevjande marknadsklima. For Nordplan handlar satsinga om å stå sterkare saman, både fagleg og strategisk, og om å sikre konkurransekraft over tid.

– Målet er at kundane våre skal oppleve eit meir komplett og tilgjengeleg tenestetilbod, levert av medarbeidarar i nærleiken. Samtidig gir samarbeidet oss større kapasitet og breidde til å handtere komplekse oppdrag, seier leiinga i selskapa.

Nordplan ser fram til vidare utvikling i Sunnhordland og på Vestlandet – saman med nye og eksisterande medarbeidarar, kundar og samarbeidspartnarar.

Foto: Nordplan Stord AS/ Våre nye kollegaer i Nordplan AS.

Fra venstre: Tove Grande Dyb (Regionsleiar Møre og Romsdal), Berit Irene Bergset (seksjonsleiar Nexus), Jon Olav Aurdal (Business controller), Knut Welle (ny regionsleiar Vestland), Bjørn Myklebust (Dagleg leiar), Per Ove Røe (Regionsleiar innlandet), Trond Rindal (Fagleiar RIB), Karoline Eldøy (Nordplan Stord AS, ny seksjonsleiar Utomhus). Gretha Rød (Fagansvarleg Ark. Ikkje til stades på biletet).