I medhald av plan- og bygningslova (pbl.) § 12-8 vert det varsla oppstart av arbeid med
detaljreguleringsplan for bustader med høg utnyttingsgrad i Vikavegen 3, gnr 57, bnr 133 og 134,
i Stryn kommune. PlanID-2026007.
Vikavegen AS ynskjer å utarbeide ein detaljreguleringsplan for bustadbygging med høg utnytting
ved Vikavegen 3 i Stryn. Arealet for bustadbygging er ca 2,5 daa, medan heile planområdet er på
ca 4,1 daa. Tilkomst og trafikk vil primært vere tilknytt Vikavegen. Utbygginga vil innehalde
mindre, sentrumsnære bu-einingar. God tilrettelegging for eldre er eit mål med planarbeidet.
Stryn kommune har sett som vilkår at det blir planlagt fortau langs Vikavegen mellom
Setrevegen og barnehagen på gbnr 57/313. Plangrensa er difor trekt austover langs Vikavegen.
Følgjande eigedommar får som følgje av planlegging av fortau noko areal innanfor det varsla
planområdet: gbnr 57/81, 57/132, 57/313 og 57/343. Planarbeidet vil avklare detaljar
kringplassering og breidde på fortau, og eventuell justering av Vikavegen som følgje av dette.
Eventuelle innspel til planarbeidet skal vere skriftlege, vi oppmodar om å nytte e-post
til 250155@nordplan.no, med kopi til sn@nordplan.no. Alternativt brev i post til
Nordplan AS, Tonningsgata 42, 6783 Stryn.
Vedlegg til dette brevet til offentlege partar: