Høyring – Reguleringsendring – Skipavika Næringspark, plan-ID 4635-2023002


Forslag til reguleringsendring etter forenkla prosess for detaljregulering for Skipavika Næringspark, plan-ID 4635-2023002, vedteken 17.06.2025, er sendt Gulen kommune for handsaming.
Søkjar er Nordplan på vegne av Bw Velora Skipavika Digital Sikkerhet AS.
Som ledd i kommunen si sakshandsaming vert forslaget sendt på høyring til grunneigarar, naboar
og andre partar som saka vedkjem, jf. plan og bygningslova § 12-14 3.ledd. Me ber om at grunneigarar sjølve varslar ev. andre rettshavarar (t.d. leigetakar) som kan verta råka av planendringa.
Etter avtale med Gulen kommune sender Nordplan ut saka på høyring på kommunen sine vegne.
Nordplan vil oversende alle innkomne merknader til Gulen kommune.
Føremål med reguleringsendringa
Føremålet med reguleringsendringa er å leggje til rette for etablering av eit datasenter innanfor
det allereie regulerte industri- og næringsområdet. Etter at planen vart vedteke i juni 2026, blei
det innført eit nytt arealføremål, datasenter, i kart- og planforskrifta. Følgjeleg inngår ikkje datasenter eksplisitt i gjeldande plan, og etablering av eit nytt datasenter i planområdet set føre ei
justering av arealføremål. I tillegg er det behov for tilpassing av byggjehøgde til verksemda sine
tekniske og funksjonelle krav i det aktuelle delområdet i planen.

Fråsegner og merknader til reguleringsendring skal sendast innan 27.10.2026 til:
Nordplan Stord AS
Postboks 32
5401 Stord
eller på e-post til: bhv@nordplan.no
Eventuelle fråsegner og merknader vil verta vurdert av plankonsulenten og kommunen og vil følgje
saka. Framlegg til reguleringsendring vert lagt fram for politisk handsaming i Gulen kommune.

Vedlegg:

Høyringsbrev
Søknad om reguleringsendring, datert 24.09.2026
Plankart datert 08.09.2026
Gjeldande plankart datert 19.05.2025
Reviderte bestemmelser, revisjonsdato 11.09.2026
Illustrasjonsplan 25.05.2026, som viser utbyggingsscenario
Illustrasjon med sporingskurver for L
Terreng-/landskapssnitt 25.05.2026
Perspektiver_nær og fjernvirkning Del 1 og del 2
Fagnotat, vurdering av kjølevannsutlipp. Horisont Consulting
Fagnotat, støyvurdering. Horisont Connsulting
Fagnotat, spillvarme. Horisont Consulting
ROS-vurdering. Horisont Consulting
Ringvirkningsanalyse av datasenter i Skipavika. Horisont Consulting