VARSEL OM OPPSTART AV DETALJREGULERING FOR TITTELSNES GNR 3, BNR 17,
SVEIO KOMMUNE
Etablering av fritidsbustader og ein einebustad
I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla oppstart av detaljregulering for
fritidsbustader og ein einebustad på Tittelsnes, Sveio kommune. Tilgrensande naboar og
overordna mynde vert varsla direkte.
Om planarbeidet
Detaljreguleringa sitt hovudføremål er å legge til rette for fritidsbustader med
fellesfunksjonar og ein einebustad på Tittelsnes, i tråd med gjeldande kommuneplan.
I samband med planarbeidet er det ønskjeleg å leggje til rette for skånsam utbygging av
fritidsbustader, felleshus og moglegheiter for felles dyrkingsplass. I tillegg skal det
leggjast til rette for etablering av ein einebustad på del av areal sett av til bustad i KPA.
Frist for innspel og merknader
Frist for uttale til oppstart av planarbeidet er sett til 20.oktober 2026. Uttaler skal vere
skriftleg og sendast til:
Nordplan Stord AS
Postboks 32
5417 Stord
eller
Epost: poststord@nordplan.no
Vedlegg: