Bygd på kunnskap, kvalitet og engasjement
I Nordplan jobbar arkitektar, arealplanleggjarar, ingeniørar, landskapsarkitektar, prosjektleiarar og rådgivarar side om side. Saman kombinerer vi ulike fag og perspektiv for å finne løysingar som fungerer både på teiknebrettet og i kvardagen.
Vi hjelper kommunar, utbyggjarar og private med å utvikle prosjekt frå dei første skissene til ferdige bygg, anlegg og uteområde.
Vi teiknar bygg og uteområde som skal brukast av menneske i mange år framover. Vi planlegg vegar, vatn og tekniske anlegg som må fungere i praksis. Og vi tek ansvar for å leie prosessar og prosjekt frå idé til gjennomføring.
Som eit tverrfagleg rådgivarmiljø kan vi følgje prosjekta gjennom heile utviklingsløpet. Samtidig er vi tett på kundane og lokalsamfunna vi arbeider i. Det gir oss innsikt i behova, utfordringane og moglegheitene som finst på kvar stad.
Vi er stolte av å utvikle løysingar som varer, og som skaper verdiar for både menneska som skal bruke dei og samfunna dei er ein del av.
Tverrfagleg kompetanse, samla i eitt miljø
Nær folk og stad
Vi arbeider i små og store lokalsamfunn langs heile Vestlandet og Innlandet. Det gir oss innsikt i korleis stader fungerer, kva som er viktig for menneska som bruker dei, og kva verdiar som bør takast vare på når nye prosjekt blir utvikla.
Vi trur gode løysingar veks fram når lokal kunnskap blir kombinert med sterk fagkompetanse.
- Vår historie
1987
Starten på Nordplan
1990
Starten på eit medarbeidareigd Nordplan
1990-talet
Eit breiare fagmiljø tek form
Med fleire fag samla under same tak fekk vi også eit breiare perspektiv på korleis menneske, bygg og omgjevnader heng saman. Trua på tverrfagleg samarbeid og heilskaplege løysingar voks fram i denne perioden, og har sidan vore ein viktig del av måten vi arbeider på.
2000-talet
Vekst gjennom menneske
Etter kvart som Nordplan voks, voks også behovet for å vere til stades fleire stader. Utviklinga kom ikkje først og fremst gjennom ei sentral styring, men gjennom dyktige medarbeidarar som ønskte å byggje vidare på fagmiljøet der dei var.
I 2000 vart kontoret i Førde etablert, i 2001 følgde Ålesund, og i 2006 kom Vågå. Felles for utviklinga var ønsket om å ta vare på kompetansen og menneska i selskapet. Når flinke medarbeidarar ville flytte på seg eller etablere seg ein ny stad, såg Nordplan moglegheiter til å byggje nye fagmiljø rundt dei.
2015
Kompetanse innan energi og fornybare løysingar
Fjordvarme AS vart ein del av Nordplan. Dette styrkte kompetansen innan energi, tekniske løysingar og berekraftige energisystem.
2017
Styrking av energi- og miljøfaget
Enøk-senteret AS vart ein del av selskapet. Med dette tok Nordplan eit nytt steg innan energioptimalisering, miljø og berekraftig rådgiving.
2022
Eit nytt eigarskap
Nordplan gjennomførte generasjonsskifte, og eigarskapet vart overført til Nordplan Holding AS. Selskapet er i dag eigd av medarbeidarane som arbeider i verksemda.
2023
Eitt samla Nordplan
Drifta i Nordplan, Enøk-senteret AS og Fjordvarme AS vart samordna gjennom fusjon og verksemdsoverdraging. Målet var å samle kompetansen, styrkje fagmiljøa og skape eitt felles Nordplan.
2025 →
Vidare vekst og sterkare fagmiljø
Gjennom strategisk samarbeid og vidare utvikling av kompetansemiljøa har Nordplan styrkt si tilstedeværelse på Vestlandet. Eit viktig steg har vore utviklinga av samarbeidet med ABO Plan & Arkitektur på Stord, som i dag er ein del av Nordplan gjennom Nordplan Stord AS.
Det vi står for
Vi trur på godt samarbeid, tydeleg kommunikasjon og fagfolk som tek ansvar. Målet vårt er å vere ein rådgivar kundar, samarbeidspartnarar og kollegaer kan stole på.
Vi arbeider tett på stadene og menneska prosjekta handlar om. Det gir oss ei betre forståing av behova og løysingar som er tilpassa dei som skal bruke dei.
I Nordplan meiner vi at dei beste resultata kjem når ulike fag arbeider saman. Difor ønskjer vi å legge vi vekt på kunnskapsdeling, samarbeid og eit fagmiljø der erfaringar og perspektiv blir delte på tvers av kontor og fagområde.
Vi ønskjer å utvikle oss i takt med samfunnet, kundane og prosjekta vi arbeider med. For oss handlar utvikling om å lære, dele erfaringar og bli kontinuerlig betre over tid, som fagfolk, kollegaer og rådgivarar.
Nordplan i tal
Tala fortel korleis Nordplan har utvikla seg. Kven vi er, handlar framleis om det same: fagfolk som samarbeider, tek ansvar og utviklar gode løysingar for menneske og stader.
1987
Nordplan vart etablert.
90+ medarbeidarar
Eit tverrfagleg fagmiljø med brei kompetanse.
11 kontor
Lokalt til stades frå Vestlandet til Austlandet. Frå Ålesund og Ørsta i nordvest til Bergen i sørvest og Oslo i sør.
40-50 medarbeidarar på eigarsida
Nordplan er eigd av medarbeidarane.
3 regionar
Region Møre og Romsdal, Region Vest og Region Aust. Sterke fagmiljø med samarbeid på tvers av geografi.
100M+ i omsetning
Eit resultat av mange års arbeid, langsiktige relasjonar og prosjekt for kundar over heile landet.
Nordplan Stord
Eit resultat av strategisk samarbeid og vidare utvikling av fagmiljøa våre på Vestlandet.
Vi hjelper deg å finne rett veg vidare