- Idé og utvikling
Frå moglegheit til realistisk prosjekt
Vi hjelper deg å avklare potensialet i tomter, bygg og område, teste idéar og finne dei beste utviklingsgrepa tidleg i prosessen.
Gjennom tverrfagleg kompetanse innan arkitektur, plan, landskap, bygg, infrastruktur, miljø og prosjektleiing vurderer vi både moglegheitene og kva som skal til for å realisere dei. Resultatet er eit tryggare grunnlag for investering, planlegging og gjennomføring.
Vi har særleg erfaring med industri og næring, framtidas bustader og destinasjonsutvikling.
Industri og næring
Nye industri- og næringsprosjekt krev meir enn areal. Dei må koplast til energi, infrastruktur, miljøkrav, logistikk, planstatus og lokal forankring. Vi hjelper deg å vurdere om eit område eignar seg, kva som må avklarast, og kva grep som gir best grunnlag for vidare utvikling.
Det kan gjelde næringsparkar, grøne industrisatsingar, havbruk, energianlegg eller transformasjon av eksisterande næringsområde. Målet er å finne løysingar som både er attraktive for næringslivet og realistiske å planlegge, finansiere og gjennomføre.
Destinasjonsutvikling
Sterke destinasjonar blir utvikla når stad, natur, opplevingar, infrastruktur og næring heng saman. Vi hjelper deg å sjå heilskapen – frå første idé og stadanalyse til konsept, arealgrep og grunnlag for vidare planarbeid.
Det kan handle om reiseliv, opplevingsområde, sentrumsutvikling, møteplassar, friluftsliv eller større satsingar der besøksverdi, lokal verdiskaping og omsyn til staden må balanserast. Målet er å utvikle destinasjonar som er attraktive, gjennomførbare og forankra lokalt.
Framtidas bustader
Bustadutvikling handlar ikkje berre om talet på einingar, men om kvaliteten på livet mellom dei. Vi hjelper kommunar, utviklarar og eigedomsaktørar med å utvikle bustadkonsept som svarar på demografi, økonomi, stadkvalitet, buformer og framtidige behov.
Vi ser særleg på framtidsretta bustader, omsorgsbustader, generasjonsbustader, sosiale buformer, fortetting og transformasjon av eksisterande bygg. Slik blir bustadprosjektet meir enn eit byggjeprosjekt – det blir eit grep for betre lokalsamfunn.
Nordplan samlar aktørane til samtale og felles innsats for å få dette på agendaen.
Kven planlegg vi for?
Har du eit område, bygg eller konsept du vil utvikle?
Vi hjelper deg å teste moglegheitene, velje rett retning og skape eit grunnlag som tek prosjektet vidare.