Trygg styring frå start til mål

Vi tek ansvar for styring og oppfølging av prosjektet, frå prosjektering til bygging, overlevering og drift.

Vi held trådane samla for deg

Gode prosjekt krev tydelege mål, god samordning og trygg styring. Vi hjelper byggherrar, utbyggarar og eigarar med å halde oversikt over ansvar, grensesnitt, framdrift, kvalitet og økonomi gjennom heile prosjektet.

Vi tek rolla som prosjektadministrator, prosjekteringsleiar, byggjeleiar eller byggelånskontrollør, og sørgjer for god samhandling mellom alle involverte partar. Resultatet er betre kontroll, færre overraskingar og ein meir føreseieleg gjennomføring frå start til slutt.

Leveranser

Tidlege avklaringar

Avklare mål, krav, roller og gjennomføringsmodell tidleg.

Trygg styring

Leie og samordne prosjektet gjennom prosjektering og bygging

Oversikt og kontroll

Følgje opp framdrift, kvalitet, økonomi, avgjerder og avvik

Felles retning og tydelege ansvar

Vere bindeledd mellom byggherre, rådgivarar, entreprenørar og tekniske fag

Rett kompetanse i rett fase

Utføre prosjektadministrasjon, prosjektleiing og prosjekteringsleiing

Kontroll i gjennomføringsfasen

Byggeleiing, anleggsleiing og oppfølging av leveransar

Byggjelånskontroll

Byggjelånskontroll for bank eller finansieringspart

Testing, overlevering og oppstart

Koordinere testing, ITB, overlevering og oppfølging inn mot drift

Slik jobbar vi med deg

Vi avklarar mål, krav, roller og ansvar tidleg
Vi etablerer struktur for møte, rapportering, framdrift, avgjerder og avvik
Vi koordinerer rådgivarar, entreprenørar og tekniske fag gjennom prosjektering og bygging
Vi følgjer opp kvalitet, funksjon, overlevering og drift, slik at prosjektet fungerer som planlagt

Få ein erfaren part på laget

Vi sørgjer for struktur, samhandling og oppfølging i alle fasar av prosjektet. Det gir færre overraskingar, tydelegare ansvar og ein meir føreseieleg gjennomføring.