Svelgen omsorgssenter

Omsorg med nærleik til sjøen, sentrum og fellesskapet
■ KUNDE
Bremanger kommune
■ STAD
Svelgen sentrum, Bremanger
■ ÅR
2016
■ KATEGORI
Helse og omsorg
■ OMFANG
Offentlig
■ OPPDRAG
Programfase, forprosjekt med totalentreprisebeskriving, detaljprosjekt

Eit omsorgssenter som styrkjer livet i sentrum

Svelgen omsorgssenter stod ferdig i 2016 og er eit av dei viktigaste utviklingsprosjekta i kommunesenteret. Omsorgssenteret ligg sentralt til ved sjøkanten, med direkte tilknyting til ei ny offentleg strandpromenade som bind området saman med hovudtorget og bustadområda i vest.

Bygget omfattar 48 bueiningar, inkludert åtte omsorgsbustader, i tillegg til administrasjon, base for heimesjukepleien og felles driftsfunksjonar som storkjøkken. Anlegget er utforma med mål om å skape gode bumiljø, funksjonelle arbeidsplassar og attraktive møteplassar for både bebuarar, tilsette og pårørande.

Omsorgssenteret består av to treetasjes fløyer som følgjer strandlinja og den nye strandpromenaden. Mellom fløyene ligg hovudinngangen med kafé, fellesareal og heimetenester. Bygningsstrukturen deler tomta i to tydelege uterom: ei tilkomstsone og ein skjerma sansehage med gangvegar, pergola, vasspegel, bærbusker og variert vegetasjon som legg til rette for aktivitet og opphald.

Alle avdelingane har eigne terrassar mot sør, og over midtfløya ligg ei stor felles takterrasse som blir mykje nytta. Frå bustadene er det utsyn både mot fjorden, fjella og aktivitetane i sentrum. Kjøkken og stove er plasserte sentralt i kvar avdeling, med korte avstandar og fleire skjerma opphaldsstader som skaper variasjon og gode møteplassar gjennom dagen.

Interiøret er utforma med lyse og dempa fargar som skaper ro og varme. Materialbruk og detaljar er valde for å gi eit heimleg preg, medan fasadane er kledde med aluminiumsplater som refererer til industrihistoria i Svelgen.

Nordplan si rolle

Nordplan har hatt ansvar for arkitektur og landskapsarkitektur gjennom heile prosessen, frå skissefase til ferdig bygg. Oppdraget har omfatta programfase, forprosjekt med totalentreprisegrunnlag, detaljprosjektering, konstruksjon og brannteknikk.

Destinasjonar og opplevingar
Areal og samfunnsutvikling