Salmon Eye

Flytande visningssenter for havbruksnæringa i hjartet av Hardangerfjorden
■ KUNDE
Eide Fjordbruk
■ STAD
Rosendal, Kvinnherad kommune
■ ÅR
2019-2023
■ KATEGORI
Reiseliv og oppleving
■ OMFANG
Privat
■ OPPDRAG
Forprosjekt, anbod, detaljprosjektering og byggefase

Eit senter som set søkjelys på moglegheiter og utfordringar i havbruksnæringa

Salmon Eye ligg utanfor Rosendal i Kvinnherad kommune og er eit spektakulært visningssenter utvikla for å skape engasjement og auka forståing for havbruksnæringa. Bygget fungerer som ein arena for kunnskapsformidling og dialog, der besøkjande får innblikk i både moglegheitene og utfordringane knytte til moderne oppdrettsverksemd.

Prosjektet er utvikla på oppdrag frå Eide Fjordbruk, ein aktør med særleg fokus på miljø og berekraftige løysingar innan havbruk. Ambisjonen har vore å skape eit visningssenter som ikkje berre informerer, men også engasjerer og inspirerer til refleksjon kring framtida til næringa.

Salmon Eye har vore eit grensesprengjande prosjekt med høge ambisjonar og få etablerte referansar å støtte seg på. Gjennom tett samarbeid mellom byggherre, arkitektar og ei brei tverrfagleg prosjekteringsgruppe har det vorte utvikla løysingar tilpassa det særprega ellipseforma bygget. Prosjektet har kravd kreativ problemløysing og tett samhandling i alle fasar.

Resultatet er eit landemerke i Hardangerfjorden som kombinerer arkitektur, formidling og opplevingar. Bygget har vorte ein viktig møteplass for kunnskap om havbruk og styrkjer både reiselivet og den offentlege samtalen om framtidas matproduksjon frå havet.

Nordplan si rolle

Nordplan kom inn i prosjektet i planfasen og hadde seinare ansvar som arkitekt og ansvarleg søkjar gjennom detaljprosjektering og byggefase. Arbeidet vart gjennomført i tett samarbeid med ei tverrfagleg gruppe beståande av arkitektar, interiørarkitektar, konstruktørar, scenograf, akustikar og lysteknikar.

Fotograf: Eide Fjordbruk

Areal og samfunnsutvikling