Elektrifisering av Nordmørspakken og Halsa – Kanestraum

Byggeleiing for framtidsretta og utsleppsfri ferjedrift
■ KUNDE
Fjord1
■ STAD
Nordmøre (Molde, Aukra, Kristiansund, Smøla, Tingvoll, Sunndal, Surnadal, Heim og Aure)
■ ÅR
2020-2023
■ KATEGORI
Samferdsel og infrastruktur
■ OMFANG
Privat
■ TENESTER
Byggeleiing og SHA-koordinering

Infrastruktur for den grøne omstillinga i ferjesektoren

For å leggje til rette for elektrifisering av fleire ferjesamband på Nordmøre har det vorte etablert ny ladeinfrastruktur ved ei rekkje ferjekaier. Prosjektet er ein viktig del av overgangen til utsleppsfri ferjedrift og bidreg til ei meir berekraftig transportløysing langs kysten.

Prosjektet omfattar ferjesambanda Edøya–Sandvika, Seivika–Tømmervåg, Kvanne–Rykkjem og Halsa–Kanestraum. For å kunne ta i bruk heil-elektriske ferjer har det vore nødvendig å etablere ladeanlegg, tekniske bygg og tilhøyrande infrastruktur ved dei aktuelle kaiene.

Arbeidet har omfatta koordinering av grunnarbeid, oppføring av tekniske bygg og integrasjon av tekniske system. Gjennom god samhandling mellom byggherre, entreprenørar og tekniske leverandørar har prosjektet bidrege til å sikre påliteleg drift og framtidsretta løysingar for ferjetrafikken i regionen.

Prosjektet er ein del av den pågåande omstillinga innan maritim transport, der elektrifisering spelar ei sentral rolle for å redusere utslepp og leggje til rette for meir berekraftige transporttenester.

Nordplan si rolle

Nordplan har, i samarbeid med ENØK-senteret og på oppdrag gjennom Novaform, hatt ansvar for administrativ og teknisk byggeleiing samt SHA-koordinering i byggefasen. Arbeidet har omfatta oppfølging på anleggsplass, gjennomføring av byggemøte, koordinering mellom involverte aktørar og overlevering av anlegga til Fjord1.

Destinasjonar og opplevingar
Areal og samfunnsutvikling