Plan og Infrastruktur

By- og arealplanlegging

Nordplan utarbeider planar på alle detaljeringsnivå, frå regionalplanar og overordna kommuneplanar til reguleringsplanar og detaljerte utbyggingsplanar for bygningar og anlegg. Vi utfører arbeid for både offentlege instansar og privatpersonar.

Referanseprosjekter

Som del av slike formelle planar etter Plan- og bygningslova, utarbeider vi landskapsanalyser, by- og tettstadanalyser, konsekvensutgreiingar, illustrasjonar og 3D-visualiseringar. Kompleksiteten i denne typen planlegging er stor, med mange tverrfaglege problemstillingar.

Infrastruktur

Vi utarbeider teikningar, tekniske spesifikasjonar, tilbods- og kontraktsdokument for utbygging.

Referanseprosjekter

Nordplan prosjekterer veg- og gateanlegg, utbyggingsfelt og andre utomhusanlegg med tilhøyrande VA- tekniske installasjonar. I planlegginga står tekniske, estetiske og miljømessige vurderingar sentralt. Dette involverer fleire faggrupper ved kontoret vårt. Vi gjennomfører forundersøking, forprosjektering, landskapstilpassing og kostnadsvurdering.

Kart og oppmåling

Nordplan har nytt og topp moderne utstyr, og kan levere kart og oppmålingstenester på alle nivå.

Vi kan tilby utarbeiding, kontroll og supplering av kartgrunnlag for nye prosjekt, utsetting av prosjekterte tiltak, innmåling og mengdedokumentasjon for dei fleste typar prosjekt.

  • Utsetting i plan og høgde av veganlegg, grøfter, byggegrop mm
  • Prosjektering av stikningsdata
  • Innmåling for dokumentering og rapportering av anlegg
  • Profilering/kartlegging av terreng
  • Masseberekning, berekning av fjell og lausmasser mot både prosjekterte og innmålte nivå
  • Kartleggingsjobbar
  • Utsetting av grenser/tomtepåvising


ARBEID INNAN GIS/GEODATA/KART

  • Temakart
  • Analyser
  • Rådgjeving
  • Prosjektleiing
  • Innhenting og tilrettelegging av GIS-data
  • Utarbeide geodataplan
  • Digitalisere eldre planar
  • Konstruksjon av kommune-, område- og detaljplan
  • Matrikkelføring

UTSTYR

Totalstasjon- Leica TCRP1205

GPS- Leica GS15 

Leica CS15 Field Controller

 

PROGRAMVARE

AutoCAD Civil 3D

Novapoint

Gemini Terreng og Entreprenør

GISLINE