Korleis skal vi bu i framtida?

Torsdag 17. september samla Nordplan AS og Inviro kommunar, utbyggjarar, rådgjevarar og eigedomsaktørar til fagseminaret Framtidas bustader – kva treng vi eigentleg? på Nordfjordeid.

Gjennom ein innhaldsrik føremiddag fekk dei frammøtte innsikt i både utfordringar og moglegheiter knytt til bustadutvikling i ei tid prega av endringar i marknad, demografi og samfunnsbehov. Målet med arrangementet var å skape ein møteplass for kunnskapsdeling og diskusjon om korleis vi kan utvikle gode og berekraftige bustadsamfunn for framtida.

Roger Rimstad frå UNU AS Foto: Nordplan

Programmet spente frå statusrapportar frå byggenæringa til kommunale perspektiv på framtidige bustadbehov. Roger Rimstad frå UNU AS opna med eit innlegg om stoda i byggenæringa, før Arild Vonheim frå Stad kommune delte kommunen sine vurderingar av bustadbehovet dei komande åra.


Aina Tjosås frå Nordplan AS tok føre seg spørsmålet om kva bustader vi har i dag, og kva typar bustader det vil vere behov for framover. Arkitekt Torkjel Lavoll fortalde om ombruksprosjekt og moglegheitar knytt til rehabilitering av kontor og næring til bustadar i sentrumsnære område.
Avslutningsvis orienterte Bjarte Bøe Alrek frå Husbanken om aktuelle verkemiddel og nyheiter som kan bidra til å få fleire bustadprosjekt realiserte.

Seminaret synleggjorde kor viktig samarbeid mellom offentlege og private aktørar er for å møte framtidas bustadutfordringar. Samstundes vart det løfta fram behovet for eit meir variert bustadtilbod som kan møte behova til ulike grupper i samfunnet.


Nordplan takkar alle føredragshaldarar og deltakarar for engasjerande innlegg, gode spørsmål og verdifulle samtalar. Arrangementet viste at interessa for framtidas bustadutvikling er stor, og at det finst eit sterkt engasjement for å skape gode stadar å bu også i åra som kjem.

Fleire slike seminar kjem nær deg, følg med!