Frå første idé til ferdig prosjekt

God arkitektur skaper verdi. Gjennom smart design og tett samarbeid mellom arkitektur og tekniske fag utviklar vi bygg som er attraktive å bruke, effektive å realisere og robuste over tid. Resultatet er heilskaplege løysingar med høg kvalitet og varige verdiar.

Nybygg eller rehabilitering og ombygging

Vi hjelper deg med nybygg, rehabilitering og ombygging – også av verna og freda bygg. Saman vurderer vi kva som er best for prosjektet ditt: å byggje nytt, utvikle det du har, eller kombinere nytt og eksisterande. Vi ser behov, teknisk tilstand, økonomi, regelverk og berekraft i samanheng, slik at du får eit trygt grunnlag for rett val.

Idé, moglegheiter og konseptutvikling

Vi gir deg eit trygt avgjerdsgrunnlag før du investerer, slik at du kan ta gode val tidleg og redusere risiko i prosjektet. Vi avklarar først – så prosjekterer vi, og gir deg eit trygt grunnlag for bygging.

Rådgiving og teikningar

Vi utviklar løysingar der arkitektur og tekniske fag fungerer godt saman – og som let seg byggje i praksis. Dette gir deg eit prosjekt som er klart for godkjenning, anbod og bygging.

Trygg avgjerd før du går vidare med bygging

Vi gir deg oversikt over moglegheiter, kostnad og risiko – slik at du kan ta gode val før du går vidare. Dette gir grunnlag for betre avgjerder og mindre risiko seinare i prosjektet.

Byggefase og oppfølging

Vi utarbeider eit tydeleg og komplett grunnlag som gir meir presise prisar og ei smidigare, tryggare gjennomføring. Dette gir betre tilbod, færre overraskingar og lågare risiko i byggefasen. Vi sørgjer for at du har alt du treng før du hentar inn tilbod frå entreprenør.

Destinasjonar og opplevingar
Areal og samfunnsutvikling

Slik jobbar vi med deg

Oppstart og avklaring av mål, krav og rammer
Tverrfaglig prosjektering
Koordinering og kvalitetssikring
Leveranse for anbud og bygging
Oppfølging i byggefasen ved behov

Har du eit prosjekt og treng ein plan ?

Ta kontakt med oss, så hjelper vi deg i mål.